Facebook ikon Twitter logo Print side

Ny vekerapport er klar

I vekerapporten for veke 09 kan du lesa om litt av det som har skjedd i Fjell denne veka.

Planlegg utviding av Landro gravplass

Komité for plan og utvikling skal på møtet den 6. mars ta stilling til om detaljreguleringsplan for Landro gravplass skal leggjast ut til offentleg ettersyn. Planen legg til rette for 550 nye gravplassar og 220 urnegraver.
Ande saker: Plan for Branndalsåsen, Bildøyna, plan for Møvik bustad og næringspark og klagesaker.
Les meir.

Fem veker igjen til Gjensidige Cup

5. - 8. april vert det nok ein gong invitert til handballfest i Sotra Arena. I Gjensidige Cup 2018 møter Noreg toppnasjonane Danmark, Island og Frankrike i ei firenasjonarsturnering. Publikum vil oppleva handball i verdsklasse. Noreg imponerte stort med sølv i VM i Frankrike i januar 2017, og det norske landslaget hevda seg også godt i EM i Kroatia i januar i år med ein sjuandeplass. Forventningane er store når bronsevinnar Frankrike kjem til Sotra Arena. Det er godt sal av billettar til kampane. Du finn meir informasjon om kampoppsett og billettsal på nettsida til Norges Håndballforbund.
Les meir

Møtet i komité for drift og forvaltning er utsett

Møtet i komité for drift og forvaltning (KDF) er utsett til tysdag den 20. mars. Etter planen skulle møtet i KDF haldast den 6. mars. Norconsult har fått oppdraget med å utarbeida ein befolknings- og elevtalsprognose . I går kom det melding om at rapporten ikkje kjem til kommunen før den 15. mars. Av den grunn vert møtet utsett til tysdag 20. mars.
Les meir.

Varsel om vegsetning, Bildøyvegen

I samband med pågåande arbeid og sikring av ei fjellskjæring, vert Bildøyvegen frå gamle Straumsundet bru til Ankerhagen, stengd for køyrande i perioden 29. januar til 28. mars. Arbeidet vert forlenga på grunn av arbeidsomfang, og for å best mulig kunne ivareta sikkerheita til arbeidarar og trafikkantar i området.
Les meir

Her er dei nominerte til Drømmestipendiet

Sju artistar og kor frå Fjell er nominerte til Drømmestipendiet. Det er Norsk kulturskuleråd og Norsk Tipping som nominerer til dette stipendiet. Totalt er det 458 unge kulturutøvarar i landet som er nominert. Dei nominerte vert vurderte av fagjuryar innan kvar kategori og i ein eigen draumejury.
Les meir

Føreslår at saker om skulenedlegging vert sendt ut på høyring

Rådmannen føreslår at saker om nedlegging av Liljevatnet skule og Tellnes skule vert sendt ut til offentleg høyring i seks veker. Komité for drift og forvaltning (KDF) skal behandla saka på møtet den 20. mars. I første omgang skal altså komitéen ta stilling til om sakene skal sendast ut på høyring. Etter at høyringsfristen er ute den 17. april, kjem saka tilbake til komitéen. KDF gjev innstilling til kommunestyret som tek endeleg avgjerd.
Les meir

Fest for dei frivillige på Kvednatunet.

Kvart år samlast frivillige til fest på Kvednatunet. Vi gler oss alltid til denne samlinga, rett og slett fordi vi trivst i lag og fordi troppen av frivillige gir oss så mykje glede. Kvart år komponerer også Rolf Landøy eit lite stev. Årets stev har vi lyst å dele med fleire.
Les meir.

Markerte Verdas musikkterapidag

1. mars er verdas musikkterapidag. Musikkterapeutene Malena Grov Ottesen og Guri Gjermstad Dypvik markerte dagen i Fjell kommune ved å gjennomføra spontane musikalske stunt omkring på Straume. Dagen vart opna med ein mini-konsert for leiarteamet til omsorgssjefen og inviterte gjester på Fjell rådhus.
Les meir

Jubileumsfest på Fjell rådhus

I midten av februar vart det gjennomført markering for dei som har arbeidd i Fjell kommune i 25, 30 og 40 år. Også pensjonistane som slutta si teneste i fjor vart heidra denne dagen. På samlinga var det underhaldning frå Fjell kulturskule og god mat.
Les meir.

Ordførar Marianne Sandahl Bjorøy neste veke (10)

  • 05.03.: Interne møte, Nye Øygarden kommune
  • 06.03. : Ordførarprat på biblioteket
                  Møte i komité for plan og utvikling
  • 09.03.: Styringsgruppemøte i byregionprogrammet

 


Publisert: 02.03.2018 11:11
Sist endret: 02.03.2018 12:20