Facebook ikon Twitter logo Print side

Ny vekerapport er klar

I vekerapporten for veke 10 kan du lesa om litt av det som har skjedd i Fjell denne veka.



Drøftar tomt til ny vidaregåande skule

Regionrådet Vest skal på møtet den 12. mars drøfta eit notat der det er peika på seks alternative forslag til tomt for ein ny vidaregåande skule i regionen. I notatet er det vist til eí lokalisering på Bildøyna, kunnskapskvartalet Bildetangen. Dei fem andre tomtealternativa ligg på Litlesotra i retning nord/sør frå Fjell rådhus til Straume idrettspark.
Andre saker: Prioritering av søknader om skjønsmidlar til fornyings- og innovasjonsprosjekt i 2018, framtidas kunnskapsklynge i Nye Øygarden kommune og søknad om forkommune.
Les meir.

Legg plan for Branndalsåsen ut til offentleg ettersyn

Komité for plan og utvikling (KPU) vedtok tysdag kveld å leggja områdereguleringsplan for Branndalsåsen, Bildøyna, ut til offentleg ettersyn. Det var spørsmålet om seglingshøgd for gangbrua som var hovudtema i debatten i saka.
Andre saker: Legg plan for utviding av Landro gravplass ut til offentleg ettersyn og tilrår å godkjenna plan for Møvik bustad- og næringspark.
Les meir.

Vil involvera dei frivillige

Arbeidsgruppa for lokaldemokrati og identitet i Nye Øygarden kommune møtte i går representantar for dei frivillige på frivilligsamling i Øygarden. På møtet i går presenterte Indrevik mandatet for arbeidsgruppa. Målet er å skapa ei god heilskapleg vi-kjensle i Nye Øygarden kommune og mobilisera engasjement hjå befolkninga, dei tilsette, lag og organisasjonar.
Les meir.

Invitasjon til opning av sykkelparkeringshus

Fjell kommune har gleda av å invitere deg til opning av sykkelparkeringshus på Straume, rett ved bussterminalen torsdag 15. mars kl. 13.30. Det vert opning ved ordførar Marianne Sandahl Bjorøy. Fylkesvaraordførar Pål Kårbø og Statens vegvesen deltek ved opninga. Sykkelparkeringshuset er finansiert som eit spleiselag mellom Hordaland fylkeskommune og Fjell kommune.
Les meir.

Velkomen til jubileumsmusikal

Fjell kulturskulekor og kulturskulen fyller 40 år i 2018, og feirer med flott musikalshow i kultursalen ved Fjell rådhus laurdag 21. april og sundag 22. april. Med oss har vi dans- og dramagrupper frå Fjell, Sund og Øygarden. Til saman blir det over 70 talentfulle og fantastiske barn og ungdommar som opptrer med song og dans.
Les meir.

Ordførar Marianne Sandahl Bjorøy denne veka (10)

  • 05.03.: Interne møte, Nye Øygarden kommune
  • 06.03.: Ordførarprat på biblioteket
                 Møte i komité for plan og utvikling
  • 09.03.: Styringsgruppemøte i byregionprogrammet

Ordføraren neste veke (11)

  • 12.03.: Regionrådsmøte
  • 14.03.: Møte med DNB
  • 15.03.: Opning av sykkelparkering på Straume
  • 16.03.: Formell underskriving av samarbeidsavtale «samordnet regional digitalisering» 

Publisert: 09.03.2018 15:01
Sist endret: 09.03.2018 15:15