Facebook ikon Twitter logo Print side

Ny vekerapport er klar

I vekerapporten for veke 12 kan du lesa om litt av det som har skjedd i Fjell denne veka.

Sender saker om skulenedlegging ut på høyring

Komité for drift og forvaltning (KDF) vedtok på tysdag å senda saker om nedlegging av Liljevatnet skule og Tellnes skule ut på høyring. I sakene som no vert sendt ut til høyring, er det føreslått at Tellnes skule vert lagt ned med verknad frå 31. juli 2018 og Liljevatnet skule med verknad frå 31. juli 2019. Etter at høyringsfristen er ute den 17. april, kjem sakene tilbake til komitéen den 30. april. KDF gjev så innstilling til kommunestyret som tek endeleg avgjerd den 7. mai.
Les meir.

Avklarar kommunal tenestepensjon hausten 2018

Fellesnemnda ber om at det i løpet av hausten 2018 vert lagt fram ei sak for fellesnemnda om kommunal tenestepensjon for den nye kommunen. I vedtaket går det fram at det skal gjerast greie for fordelar og ulemper knytt til mellom anna kostnader, risiko, påverknad og demografi ved val av KLP eller eigen pensjonskasse.
Andre saker; Budsjett og prinsippavklaring om økonomi og utnemning av medlemer i politisk referansegruppe.
Les meir.

Omstillingsavtale nærmar seg endeleg godkjenning

Partssamansett utval (PSU) behandla på møtet på torsdag denne veka framlegg til omstillingsavtale for dei tre kommunane som byggjer ny kommune. Det vart ikkje gjort endeleg vedtak, men det vart vedteke å gjera fleire endringar i avtaleutkastet. Administrasjonen innarbeider endringane i avtaleutkastet før det kjem tilbake til endeleg vedtak i neste møte i PSU. Utvalet tok også stilling til representasjon i partssamansette arbeidsgrupper og frikjøp.
Les meir.

Økonomisk støtte til fjerning av oljetankar

Frå 2020 er det ikkje lenger lovleg å bruka fyringsolje og parafin til oppvarming av bygningar. Men med økonomisk støtte frå ENOVAkan du få ein grei overgang til miljøvennleg oppvarming. I 2018 vert det gjeve støtte på inntil 20 tusen kroner til fjerning av oljetank og inntil 20 tusen kroner til installering av fornybar kjelde.
Les meir.

Sluttar som prosjektleiar

Paul J. Manger har slutta som prosjektleiar i Nye Øygarden kommune med verknad frå i dag.
Leiar i fellesnemnda, Kari-Anne Landro, opplyser at Manger avsluttar arbeidsforholdet etter eige ønske.
Les meir.

Knappskogelevar deltok på kommunalpolitisk møte

Mia Lillebø (6. kl.) og Jonas Olderskjær Rabben ( 7. kl.) var tysdag i Oslo for å fortelje om digital undervisning. Knappskog skule var spesielt invitert av KS for å få fram elevane sitt perspektiv om framtidas skule, samt om korleis det er å vere elev på ein heildigital skule.
Les meir.

Ordføraren Marianne Sandahl Bjorøy denne veka (12)

  • 19.03.: Fellesnemnda
  • 20.03: Kommunalpolitisk toppmøte i Oslo
  • 21.03.: Møteplass Marin: Rødt lys over Hordaland (Bergen Næringsråd)
  • 22.03.: Partsamansett utval, Nye Øygarden kommune
                Politisk organisasjonsutval, Nye Øygarden kommune
               Årsmøte i Vest Næringsråd

 


Publisert: 23.03.2018 14:51
Sist endret: 23.03.2018 15:06