Facebook ikon Twitter logo Print side

Ny vekerapport er klar

I vekerapporten for veke 14 kan du lesa om litt av det som har skjedd i Fjell denne veka.

Siger for Noreg i første kamp

Det var god stemning i Sotra Arena torsdag kveld då Noreg innleia Gjensidige Cup med å slå Island 31-29.
- Eg håpar Håndballforbundet er nøgd med å bruka Sotra Arena til slike kampar, sa ordførar Marianne Sandahl Bjorøy, då ho helsa til handballfolket og gjester i pausen mellom første og andre kamp den første kampdagen. Rundt tre tusen tilskodarar var til stades på den første kampen. Til dei fire siste kampane, laurdag og sundag, er det meldt om fulle hus.
Les meir.

Treng venefamiliar for einslege mindreårige flyktningar

Det kan vera utfordrande å vera einsleg mindreårig flyktning i Noreg. I Bergen har Raudekrossen fleire aktivitetar for denne gruppa. No vert det sett inn ressursar til eit betre tilbod også i regionen vår. Det er etablert eit samarbeid mellom kommunane og Hordaland Røde Kors og dei lokale laga i organisasjonen.

Meiner utbygging på Smålonane er ei naturleg vidareutvikling av Straume senter

Formannskapet vedtok samrøystes på onsdag ein uttale til søknad om samtykke til handelsareal på Smålonane, Straume. I uttalen seier formannskapet at etter ei samla vurdering er etableringa ei naturleg vidareutvikling av Straume som regionsenter. I uttalen vert det vist til den gjeldande kommunedelplanen for Straume (2005-2018) og at det føreslåtte handelskonseptet er i samsvar med definisjonen i kommunedelplanen.
Les meir.

Legg plan for Smålonane ut til offentleg ettersyn

Komité for plan og utvikling (KFU) vedtok på tysdag samrøystes å leggja plan for Smålonane på Straume ut til offentleg ettersyn. Det var semje om at planen skulle leggjast ut til offentleg ettersyn, men i debatten vart det stilt spørsmål om det skal gjevast løyve til daglegvarehandel i tillegg til plasskrevjande- og detaljvarehandel. Komitéen samla seg om å ta vekk eit punkt i reguleringsføresegnene (pkt. 5.2.2) om at det kan etablerast daglevarebutikk på inntil to tusen kvadratmeter.
Andre saker: Plan for barnehage, Skorafjellet (Kolltveit), plan for Ranen (Foldnes), plan for Tibben (Trengereid) og klagesaker.
Les meir.

Bildøyvegen vart opna for lokaltrafikk 29. mars

Samferdsle i Fjell Kommune informerer om at Bildøyvegen vart opna for lokaltrafikk torsdag 29. mars 2018. Arbeidet som held på i området er planlagt frem til juni 2018, og det vil derfor være noko redusert vegbredde på denne strekninga.
Les meir.

Startlån og bustadtilskot til etablering og tilpassing 2018

Fjell kommune har mottatt årets løyving av startlån og tilskot til vidaretildeling.
Kommunen kan gje startlån til personar som. ikkje får lån i ordinære kredittinstitusjonar. Startlån er behovsprøvd og det stillast krav til at lånesøkjar har langvarige utfordringar med å finansiera kjøp av eigen bustad Barnefamiliar er ei prioritert målgruppe for låneordninga.
Les meir.

Introduksjonsprogrammet på byvandring

Måndag 26.april var deltakarane på introduksjonsprogrammet på by vandring i regi av programrådgjevarane. Les meir.

Søk tilskot frå UKS

Ungdommens kommunestyre, UKS, har kr 50 000 å dela ut i 2018 til aktivitetar, tilbod, arrangement eller andre tiltak retta mot ungdom i kommunen. Det er vesentleg at tiltaket er opent og tilgjengeleg for all ungdom i kommunen. Søknadsfristane er 1. mai og 1. november.
Les meir.

Ordførar Marianne Sandahl Bjorøy denne veka (14)

  • 03.04.: Møte med innbyggjarane (Fjell folkeboksamling) 
                Komite for plan- og utvikling
  • 04.04.: Formannskap
  • 05.04.: Åpningsarrangement, Gjensidige Cup
  • 08.04. Håndballkampar, Gjensidige Cup

Ordføraren neste veke (15)

  • 09.04. Møte om trafikktiltak
  • 11.-12.04.: Erfaringsseminar, kommunesamanslåing
  • 13.04.: Kontaktutvalet for næringslivet
  • 14.04.: Kulturgalla

 

 

 


Publisert: 06.04.2018 09:15
Sist endret: 06.04.2018 14:30