Facebook ikon Twitter logo Print side

Ny vekerapport er klar

I vekerapporten for veke 23 kan du lesa om litt av det som har skjedd i Fjell denne veka.



Støttar moglegheitsstudie for oppdrettsnæringa

Oppdrettsselskapa i regionen helsar ei moglegheitsstudie for oppdrettsnæringa velkomen. Det kom klart fram då Regionrådet Vest inviterte oppdrettsselskapa i Sund, Fjell og Øygarden til felles møte på måndag for å drøfta utfordringane med at våre tre kommunar er ein del av to produksjonsområde som ligg i raud sone.
Les meir

Ønskjer ikkje å innføra forbod mot tigging

Med fem mot fire røyster går formannskapet imot å innføra forbod mot tigging i Fjell. Mindretalet gjekk på møtet på onsdag inn for å ha med dette forbodet i framlegget til revisjon av politivedtektene. Saka går til endeleg behandling i kommunestyret.  Andre saker; byvekstavtale, årsmelding/rekneskap og felles gebyr for feiing.
Les meir

1,2 millionar kroner til kulturformål

Komité for drift og forvaltning (KDF) løyvde på tysdag 563 500 kroner i støtte til kulturformål. På toppen av dette kjem løyvingar på 672 650 kroner som rådmannen har fordelt i delegerte vedtak. Dermed er godt og vel 1,2 millionar kroner fordelt til kulturformål i 2018. Andre saker: Økonomirapport pr. 30.04.,garanti til turnhall, klimaplan og samordning av tenester retta mot barn.
Les meir.

Tilrår å godkjenna plan for Landro gravplass

Komité for plan og utvikling (KPU) gjekk tysdag inn for at Fjell kommune godkjenner detaljreguleringsplan for Landro gravplass. I tillegg til utviding av sjølve gravplassen, vert det lagt opp til å regulera fortau langs den kommunale vegen i Landrodalen for å sikra forholda for gåande og syklande. Det er føreslått at eksisterande sjeneflor/løe skal takast vare på og nyttast som reiskapshus.
Les meir.

Samarbeider om friluftsliv

Nærare 30 personar møtte opp på friluftslivsforum i lokala til RAN Seilforening måndag kveld. Arrangementet vart gjennomført som eit samarbeid mellom Bergen og Omegn Friluftsråd (BOB) og dei tre kommunane i regionen. På møtet vart det mellom anna teke opp spørsmål om samarbeid/samanslåing av turlag i regionen. Aktuelle tiltak frå 2019 er felles turkart og felles kystpass.
Les meir.

Knyter venskap gjennom musikk

70 barn på Ågotnes barnehage og Hamramyra barnehage sprudla då dei inviterte til konsert i Hamramyra barnehage på måndag. Konserten er eit synleg resultat av inkluderingsarbeid der barnehagane og Fjell kulturskule samarbeider på tvers av kulturar og språk. Dirigent og musikkpedagog Åshild Eriksen i kulturskulen har fått med seg gode krefter i Erika Kroken og Lillian Århus Ekerhovd.
Les meir.

Alltid populært med Seniortreff på Landro skule

Fredag 1. juni var det igjen duka for Seniortreff på Landro skule.
- Dette er ein dag eg har gledd meg lenge til, kjem det frå mormor til ein av elevane våre. Gymnastikksalen ved Landro skule var fylt med besteforeldre og andre seniorar frå nærområdet. Det var eit takknemleg publikum som fekk sjå flotte elevinnslag og høyre vakker song frå skulekoret.
Les meir

Markerte «Kva er viktig for deg»-dagen

Straume bu og servicesenter markete på torsdag «Kva er viktig for deg – dagen». Dette er ein nasjonal og internasjonal dag. KS og Folkehelseinstituttet står bak satsinga og vert støtta av Helse- og omsorgsdepartementet og Helsedirektoratet. I omsorgstenesta ynskjer vi å ha endå meir fokus på dette viktige spørsmålet. Vidare må vi lytte til svaret, og ta det med oss i arbeidskvardagen.
Les meir.

Ordførar Marianne Sandahl Bjorøy denne veka (23)

  • 04.06.: Konferanse om Havbruk + regionrådet Vest
  • 06.06.: Møte om byvekstavtaler
                Formannskap
  • 07.06.: Generalforsamling i Trigger AS
                Generalforsamling i BKK AS
  • 08.06..: Sommaravslutning med Vest Næringsråd

Ordføraren i neste veke (24)

  • 12.06.:  Partssamansett utval
                 Sommaravslutning med Vest næringsråd
  • 13.06.: MOT på Knappskog skule
  • 14.06..:Utdeling av Drømmestipend 2018 
                 Møte i integreringsrådet
  • 15.06.: Møte i Havnerådet

Publisert: 08.06.2018 11:41
Sist endret: 08.06.2018 12:45