Facebook ikon Twitter logo Print side

Ny vekerapport er klar

I vekerapporten for veke 28 kan du lesa om litt av det som har skjedd i Fjell denne veka.

Jamt over god kvalitet på kontrollerte badevatn i Fjell

Helsevernetaten i Bergen har på vegner av Fjell kommune teke vassprøvar i fire vatn i Fjell. Tre av vatna har gode badeforhold, medan det fjerde har mindre godt badevatn. Dei vatna som hamna i kategorien «godt eigna badevatn» er Kvernavatnet (v/ Kvednatunet på Ågotnes), Skiftedalsvatnet (v/ Foldnes kyrkje) og Arefjordvatnet.
Les meir.

Hagerømlingar – hageplantar som vert miljøproblem

Dei siste åra har kommunen fått fleire e-postar og telefonar om den japanske prydplanten Parkslirekne. Planten spreier seg som «eld i tørt gras»  og veks kjemperaskt. Og den er svært vanskeleg å bli kvitt. Forsøk på å bli kvitt planten kan føra til spreiing i stadet. Også andre hagerømlingar står på Framandartslista.
Les meir.

Helsetenester er sentralt i arbeidet med regionsenter

Både i 2017 og 2018 har lokalisering av helsetenester vore tema i forum for regionsenterkommunar. Fjell kommune er ein av ti kommunar i Hordaland med regionsenter. Fjell-ordførar, Marianne Sandahl Bjorøy, leiar styringsgruppa for forum for regionsenterkommunar.På møtet i mars i år handla det om tilbod, samarbeid og lokalisering av helsetenester. Her var brei deltaking frå både regionsenterkommunane og fleire helseinstitusjonar.
Les meir.

Lokal forskrift om fartsavgrensing i sjøen

Lokal forskrift om fartsavgrensing i sjøen i Fjell kommune, (sjøkart nr. 21 og 23 Hordaland) vart kunngjort i Norsk Lovtidende den 05.07.2018 og gjeld f.o.m. denne datoen.
Les meir.

Inviterer til Kystsogevekene

Det er veteranbåtfestivalen Fjordsteam i Bergen som vert ramma for opninga av Kystsogevekene 2018. Opninga går av stabelen den 4. august. Det heile vert avrunda i september i Rosendal i Kvinnherad.  I løpet av seks veker vert det mange små og store arrangement på sjø og land.
Les meir.


Publisert: 13.07.2018 09:38
Sist endret: 13.07.2018 09:46