Facebook ikon Twitter logo Print side

Ny vidaregåande skule vert plassert ved Stovevatnet

Fylkestinget vedtok på tysdag at den nye Sotra vidaregåande skule skal byggjast på tomta ved Stovevatnet i området mellom Fjell rådhus og Sartor Storsenter.

Tomta ligg mellom Fjell rådhus og Sartor Senter.
Tomta ligg mellom Fjell rådhus og Sartor Senter.

Hordaland fylkeskommune skriv på heimesida at den nye skulen skal erstatta dei noverande skulebygningane på Bildøyna og i Sund. Vedtaket vart gjort mot røystene frå Høgre, Frp og ein uavhengig representant.

I vedtaket heiter det også at dersom det viser seg å verta store og uføresette forseinkingar med tomta ved Stovevatnet som gjer at tomta ikkje lenger aktuell, skal ein vurdera å plassera skulen på ei tomt aust for Fjell rådhus. Avtalen som vert forhandla fram med Fjell kommune, skal leggjast fram for fylkestinget til godkjenning.

Den nye skulen skal planleggjast med eit samla areal på 16 000 kvadratmeter og med plass til 1100 elevar. Ifølgje gjeldande investeringsplan skal nybygget stå ferdig i 2025.

Les meir her.


Tekst og foto: Vigleik Brekke


Publisert: 03.10.2018 01:22
Sist endret: 03.10.2018 01:29