Facebook ikon Twitter logo Print side

Nybrottsarbeid for innbyggjarane

Kommunane Askøy, Fjell, Øygarden og Lindås har funne vegen for framtidas omsorgstenester. Onsdag 15. februar signerte kommunane ein avtale med Atea om heilt ny velferdsteknologi.

Atea vann konkurransen om å levere velferdsteknologi til kommunane Lindås, Askøy, Fjell og ØygardenFrå venstre; Einar Vaage, regionsdirektør i Atea. Åse Vik, assisterande rådmannn Øygarden kommune, Line Barmen, omsorgssjef Fjell kommune, Ørjan Raknes Forthun, rådmann Lindås kommune og kommunalsjef levekår, Torgeir Sæter, Askøy kommune. .
Atea vann konkurransen om å levera velferdsteknologi til kommunane Lindås, Askøy, Fjell og Øygarden. Frå venstre; Einar Vaage, regionsdirektør i Atea. Åse Vik (assisterande rådmannn Øygarden kommune), Line Barmen ( omsorgssjef Fjell kommune), Ørjan Raknes Forthun (rådmann Lindås kommune) og kommunalsjef levekår, Torgeir Sæter, Askøy kommune. Foto: Lindås kommune.


Målet med teknologien er å gi eldre og andre som treng hjelp til å bu heime lengst mogleg.

Frå Fjell kommune har IKT-sjef Kjell Fylling og prosjektleiar Janne Mo har vore med i den innovative anskaffinga av velferdsteknologi. Einingsleiar Britt Jorunn Landro har delteke frå Øygarden kommune.

- Vi ser fram til eit felles spennande nybrottsarbeid med å implementera gode velferdsteknologiske løysingar i kommunane våre, seier Janne Mo.

Lindås kommune har jobba med omsorgsteknologi i ei årrekkje, og er mellom dei fremste i landet på utprøving. Tilbakemelding frå brukarar og pårørande er at dei ulike sensorane gjer at dei kjenner seg tryggare heime - og gir auka livskvalitet. November 2015 inviterte Lindås andre kommunar og leverandørar til ein dialogkonferanse. Meir enn 100 representantar frå 16 kommunar og 25 leverandørar stilte på møtet.

Innovativ anskaffing

Etter konferansen knytte Lindås kommune ekstra tette band med kommunane Askøy, Fjell og Øygarden. Kommunane ønskte å samarbeid om kjøp av den rette teknologien, og bestemte seg for å starte prosessen med ei såkalla innovativ anskaffing.

– Dette var starten på løpet vi kryssar målstreken med i dag, seier prosjektleiar i Lindås kommune, Kari Bjørkheim. Ho vedgår at det har vore krevjande å samarbeide, men seier samstundes at samarbeidet er ein av suksessfaktorane.

– Det har vore eit tverrfagleg samarbeid, der kommunane har deltatt med ulik kompetanse, seier Bjørkheim.

Fleire ting er nytt og unikt med det Lindås og dei andre kommunane har gjort:

  • Samarbeidet mellom dei fire kommunane er nytt.
  • Måten å invitere leverandørane til ei konkurranse på er ny.
  • Kommunane har gjennomført ei innovativ anskaffing, som kort fortalt betyr at dei skildrar behovet sitt, ikkje produktet eller tenesta dei ønskjer.
  • Teknologien som Atea skal levere er heilt ny.
  • Tenestene til innbyggjarane i dei fire kommunane blir fornya og forbetra.

Les meir på nettsida til Lindås kommune.


Publisert: 17.02.2017 11:05
Sist endret: 17.02.2017 11:15