Facebook ikon Twitter logo Print side

Nye lokale for rus-team i Røde Kors-huset

I dag klipte ordførar Marianne Sandahl Bjorøy den raude snora for å markera den offisielle opninga av nye lokale for ruskonsulentane og Fact-team. 11 medarbeidarar disponerer vel 200 kvadratmeter i den øvste etasjen i Røde Kors-huset.

Ordføraren erklærer dei nye lokala for offisielt opna.
Ordføraren erklærer dei nye lokala for offisielt opna.

Fact-team er eit ambulerande team for personar som slit med rus- og psykiatri. Saman med ruskonsulentane har teamet fram til det nye lokalet vart teke i bruk i august, vore lokalisert i NAV-lokala i andre etasje i Fjell rådhus.

Avdelingsleiar for rustenester i Fjell kommune, Frode Andvik, er godt nøgd med at medarbeidarane har fått nye og tenlege lokale sentralt på Straume.

- Med tanke på samarbeidspartnarane er det nye lokalet er sentralt plassert på Straume. Desse lokala er også godt lokalisert og tilpassa for at vi seinare vert ein ny kommune, seier Andvik.

I lokala er det fleire kontor, to samtalerom, møterom og kjøken. Andvik rosar Eigedomssjefen sine folk for god jobb med opprusting av lokalet. Leigekontrakten er inngått med stiftinga Fjell Røde Kors aktivitetssenter.

Tekst og foto: Vigleik Brekke

Her er fleire bilete frå opninga i dag:


Publisert: 06.12.2017 13:49
Sist endret: 06.12.2017 13:57