Facebook ikon Twitter logo Print side

Nye løysingar på gamle problem

Det var mykje kreativitet og nytenking å sjå blant elevane som viste fram prosjekta sine i andre etasje på Sartor Storsenter i dag. Thomas og Lukas viste stolt fram dronane dei sjølv har produsert. I dag var det offisiell opning av Energimessa 2018.

Thomas Wåge Hansen (til venstre) og Lukas Dalaker Eikefjord viser fram dronene dei har laga til ordførar Marianne Sandhal Bjorøy.
Thomas Wåge Hansen (til venstre) og Lukas Dalaker Eikefjord viser ordførar Marianne Sandahl Bjorøy dronene dei har laga.

Thomas Wåge Hanen og Lukas Dalaker Eikefjord har valfaget teknologi i praksis på Fjell ungdomsskule. I dette faget samarbeider ungdomsskulen med The Dale Oen Experience.

- Vi har bygd denne dronen frå botnen av. Delane til dronen kjøper vi på nettet, og vi må sjølv laga program for dronen og fjernstyringa, seier dei to. Dei kan styra dronen på ein avstand på inntil 500 meter. Dersom dronen kjem lengre vekk enn fjernstyringa har kontroll over, vil dronen sjølv kontrollert gå varsamt ned mot bakken.

- Det kostar rundt 20 tusen kroner å produsera dronen og fjernstyringsboksen. Til neste år planlegg vi å senda opp dronar 12 kilometer opp i atmosfæren frå basen på Andøya. Då kan vi måla vind, solstrålar, temperatur, og svevestøv i lufta, seier Robin Dale Oen i The Dale Oen Experience.

Nye løysingar

Det var fylkesvaraordførar På Kårbø som stod for den offisielle opninga av Energimessa 2018. Han er glad for det gode samarbeidet mellom grunnskulane i regionen, den vidaregåande skulen og næringslivet når det gjeld Energimessa.

- Her er nytenking, kreativitet og innovasjon. De skapar ting på nye måtar og gjer det annleis enn før. Her finn de nye løysingar på gamle problem, sa Kårbø.

Fylkesvaraordførar Pål Kårbø stod for den offisielle opninga av Energimessa 2018.
Fylkesvaraordførar Pål Kårbø stod for den offisielle opninga av Energimessa 2018.

Konkurrerer om tre premiar

Sparebanken Vest sponsar tre premiar kvar på fem tusen kroner. Torsdag kveld vert vinnaren av den mest innovative utstillinga kåra. I morgon klokka 13 vert beste stand og den mest publikumsvennlege standen plukka ut. Det var 5. klasse på Knappskog skule som som vann klassen; Mest innovative stands. 

  

Juryen er samansett av ordførar i Fjell, Marianne Sandahl Bjorøy, prosjektleiar for Nye Øygarden kommune, Paul J. Manger, og dagleg leiar i Vest Næringsråd, Henning Hauso.

Fire av elevane på Knappskog; fræ venstre: Emilie, Lykke, Vivian og Saya.
Fire av elevane på Knappskog; frå venstre: Emilie, Lykke, Vivian og Saya.

 På fredag vart to nye premiar delte ut. Mest publikumsvennlige stand gjekk til Fjell ungdomsskule, WeDo,og beste stand gjekk til ToF1 Sotra vidaregåande sule, Gokart med el-motor.

Fjell ungdomsskule
Fjell ungdomsskule

 Sotra vidaregåande skule

Sotra vidaregåande skule

Tekst og foto: Vigleik Brekke

Her er fleire bilete frå messa:


Publisert: 15.03.2018 14:49
Sist endret: 15.03.2018 15:03