Facebook ikon Twitter logo Print side

Nye vekerapport er klar

I vekerapporten for veke 06 kan du lesa om litt av det som har skjedd i Fjell denne veka.



Tilrår å leggja ned Tellnes og Liljevatnet skular

Komité for drift og forvaltning (KDF) gjekk på møtet tysdag kveld inn for å tilrå å leggja ned Tellnes skule frå august 2018 og Liljevatnet skule frå august 2019. Innstillinga om dei to skulane vart vedteken mot tre røyster (Sotralista, SV og Frp). Rådmannen sitt forslag om å flytta elevane på Skålevik mellombels til Ulveset frå august av vert ikkje gjennomført.
Andre saker: Vil ta imot 20 flyktningar, nedkjemping av fattigdom og nei til avgiftsparkering ved rådhuset i helselandsbyen.
Les meir. 

Tilrår å kjøpa aksjar for 40 millionar i Ågotnes Næringspark

Formannskapet rår til at Fjell kommune kjøper aksjar for 40 millionar kroner i Ågotnes Næringspark AS. Det er inngått ein intensjonsavtale om kjøp av aksjane under føresetnad av godkjenning i kommunestyret. Formannskapet slutta seg på møtet på onsdag til innstillinga mot to røyster (Sotralista og Frp). Elles vedtok formannskapet ein kritisk uttale til byutgreiing for Bergen.
Les meir

Legg plan for Kleivane på offentleg høyring

Komité for plan og utvikling (KPU) vedtok på tysdag at detaljreguleringsplan for Hjortefaret, Kleivane, skal leggast ut til offentleg ettersyn. Planområdet er på 80 dekar, og det vert lagt til rette for å byggja 42 nye bustadeiningar. KPU behandla ni klagesaker.
Les meir

Leiarar på kafé i Sund

På måndag var 55 leiarar og tillitsvalde i Sund, Fjell og Øygarden kommunar på kafé. Som ein del av arbeidet med administrativ organisering for Nye Øygarden kommune var dei på vandring i storsalen frå bord til bord på Panorama Resort & Hotell for å drøfta fem hovudtema. I «kafédiskusjonen» drøfta deltakarane alternative organisasjonsmodellar, samhandling, beste praksis, satsingsområde og suksessfaktorar.
Les meir

Seminar: Klimakunnskap om Fjellsamfunnet

På måndag arrangerte Fjell kommune seminar i samband med utarbeidinga av handlingsplan for energi, miljø og klima. Dei 40 frammøtte fikk høyra om arbeidet med aktsemdkart for overvatn og flaum i Fjell kommune, energi- og klimarekneskap og planarbeidet.
Les meir.

Markerte etableringa av Øygarden brann og redning IKS

Den 6. februar var det ei enkel markering av etableringa av Øygarden brann og redning IKS. Selskapet var operativt f.o.m. 01.01.2018, og har om lag 70 tilsette. Markeringa fann stad i Ågotnes brannstasjon frå klokka 18 til 20. I underkant av 60 personar var til stades. Det var ei fin blanding av tilsette, representantar frå styret og representantskapet.
Les meir.

Ågotnes barnehage markerte samefolkets dag

På onsdag var Ågotnes barnehage så heldige å få besøk av ein tidlegare far i barnehagen, Ken-Anton Kartfjord. Han har samisk bakgrunn og fortalde oss om flagget, kofta , kvar samane frå gammalt kom frå, reinsdyr, lavvo m.m.
Les meir

Kommunikasjon i kvardagen

Den 20. januar vart det gjennomført kurs i regi av ASK nettverket i Fjell kommune i rådhuset. (ASK: Alternativ og supplerande kommunikasjon). Kurset vart arrangert for familiar og personale knytt til barn som nytta alternativ og supplerande kommunikasjon.
Les meir

Kystsogevekene inviterer til vintersamling

Den 15. februar vert det invitert til vintersamling i regi av Kystsogevekene. Dette er nytt tilbod og skal vera ei samling for aktørane knytt til Kystsogevekene. Samlinga vert i klubbhuset til Ran Seilforening på Anglavika i Fjell.
Les meir

Arbeidet med kabel-tunnelar er snart i gang

Om kort tid startar arbeidet med å flytta høgspentlinja mellom Breivik og Liltesotra transformatorstasjonar. Dette er nødvendig for å realisera Sotrasambandet. Statens vegvesen melder at det no vert arbeidd med å rekna på entreprise for bygging av totalt 3,4 kilometer med kabel-tunnelar for flytting av høgspentlinja.
Les meir

Gjesteparkering

Parkeringsområdet ved Fjell rådhus, og ved Straume helsesenter/Fjell sjukeheim/Straume bu og servicesenter inkludert parkeringshuset, vert skilta og reservert til besøkande mot gyldig parkeringsløyve frå 15.02.2018. Parkering krev at besøkande hentar parkeringsløyve i resepsjonen.
Les meir.

Edremote er vinden som aldri før

Medan snøen regnar vekk ute var det moteshow for seniorane på Sartor Storsenter torsdag føremiddag. Det var ti mannekengar som var handplukka til å visa fram vår mote for godt vaksne damer og menn.
Les meir.

Ordførar Marianne Sandahl Bjorøy denne veka (06)

• 05.02.: Eigarmøte i BKK
              Konferanse: klimakunnskap om Fjellsamfunnet

• 06.02.: Ordførarpraten på biblioteket 
               Komitemøte

• 07.02.: Formannskapet


Publisert: 09.02.2018 15:00
Sist endret: 09.02.2018 13:39