Facebook ikon Twitter logo Print side

Nyttig arena for informasjonsutveksling

Informasjonsutveksling er eit viktig element i det relativt nyoppretta kontaktutvalet for næringslivet. På møtet i går var det sett av god tid til å gje informasjon om det kommunen steller med og det som skjer i det lokale næringslivet.

Frå møtet i kontaktutvalet i går
Frå møtet i kontaktutvalet i går

Det er ordførar Marianne Sandahl Bjorøy som leiar kontaktutvalet. Ho tok seg god tid til å informera om saker i kommunen som venteleg har interesse for næringslivet. Ho gav status i kommunereformarbeidet der arbeidet for førebuande fellesnemnd er i full gang. Næringslivet er svært opptekne av at Sotrasambandet og vegsambanda Kolltveit-Ågotnes og Kolltveit-Austefjorden vert realisert så raskt som mogleg.

- Det vert lagt opp til at bompengesøknaden for Sotrasambandet vert behandla i kommunane i januar/februar og i fylkestinget i mars. Dermed kan saka verta behandla i Stortinget før sommaren, opplyste ordføraren. Ei utfordring knytt til arbeidet med Sotrasambandet er deponi av massar og krav til reguleringsplan for massedeponi ved Storavatnet. Representantar frå næringslivet gav uttrykk for at det er fleire stader i Fjell der det er plass til lagring av massar.

Andre tema ordføraren orienterte om var framdrift for ny hamn/hamneorganisering i bergensområdet, Gründerpark Vest, intensjonsavtale med Hordaland fylkeskommune om etablerarsenter og «Invest in Region Bergen», samarbeidsavtale med Bergen Reiselivslag, ingeniørutdanning og planar om fullskala CO2-lagring.

Nyttig arena

Ordføraren ser stor nytte i å ha eit kontaktutval for næringslivet.

- Det er svært nyttig for kommunen å ha ein slik arena der vi får gje informasjon om det som skjer i kommunen, og vi for vår del har stor nytte av å verta kjent med det som føregår i det lokale næringslivet, seier ordførar Marianne Sandahl Bjorøy.

Medlemene i utvalet presenterte korleis stoda er for dei ulike sektorane/bedriftene. Tema i samtalen var mellom anna lærlingordninga, handel, eigedom og utviklinga i industrien. Administrerande direktør Kurt Andreassen i Coast Center Base (CCB) orienterte mellom anna om CCB sitt engasjement i om Risavika hamn i stavangerregionen gjennom merkenamnet Westport. Målsetjinga er å etablera en løysning som gjev auka attraktivitet og konkurransekraft for sjøtransporten og på den måten flytta meir gods frå veg til sjø.

Kontaktutvalet er samansett av Marianne Sandahl Bjorøy (ordførar), Tom Georg Indrevik (varaordførar), Atle Ulveseth (Brødrene Ulveseth AS), Grethe Bjorøy (Live2Learn), Gunhild Lie Skålevik (Liegruppen), Anita Garlid Johannessen (FrP), Kurt Andreassen (Coast Center Base AS), Sigmund Kvernes (Gode Sirklar), Thomas Skålnes (Styreleiar Vest Næringsråd (Sartor Storsenter)) og Øyvind Blom (Blom Fiskeoppdrett). Grethe Bergsvik er kontaktperson for politikk/næring Fjell kommune.


Tekst og foto: Vigleik Brekke

 


Publisert: 30.11.2016 09:04
Sist endret: 30.11.2016 09:09