Facebook ikon Twitter logo Print side

Økonomisk støtte til fjerning av oljetankar

Frå 2020 er det ikkje lenger lovleg å bruka fyringsolje og parafin til oppvarming av bygningar. Men med økonomisk støtte frå ENOVAkan du få ein grei overgang til miljøvennleg oppvarming.

Illustrasjonsfoto

Formålet med forbodet er å redusera klimagassutsleppa. Alternativ til mineralolje kan vera varmepumpe, elektronisk oppvarming, fjernvarme, flis- og pelletskjeler og biodiesel.

Avdelingsleiar for miljø, geodata og oppmåling hjå Plan- og utbyggingssjefen, Hanna Gjesdal, seier at det er om lag 400 oljetankar som er grovne ned i Fjell.

- Målet er at det vert teke i bruk oppvarmingsløysingar som nyttar fornybare energikjelder. Fram mot 2020 vert det lagt til rette for at både verksemder og privatpersonar kan få støtte frå ENOVA til fjerning av oljetankar og til investering og installasjon av oppvarmingsløysingar med fornybare energikjelder, seier Gjesdal.

Inntil 40 tusen kroner i støtte

I 2018 vert det gjeve støtte på inntil 20 tusen kroner til fjerning av oljetank og inntil 20 tusen kroner til installering av fornybar kjelde. Støttebeløpet vert halvert i 2019 og heilt fjerna frå 2020. Det vert ikkje gjeve støtte til omlegging til biodiesel.

Eigaren av ein oljetank er ansvarleg for at det ikkje er lekkasje i tanken og/eller røyrsystemet. Ein lekkasje frå ein oljetank kan gjera store skader på natur, hage, hus og naboeigeomar. På nettsida til Fjell kommune kan du lesa om lovverk og ansvar for nedgravne oljetankar.

- No handlar det om å nytta seg av støtteordninga frå ENOVA. Hugs at støttebeløpet vert halvert frå 2019, seier Hanna Gjesdal.


Tekst: Vigleik Brekke

 


Publisert: 19.03.2018 13:53
Sist endret: 19.03.2018 13:58