Kasper Andreas og ordførar Marianne Sandahl Bjorøy viste god samhandling og klipte av snora i fellesskap.
Saman med ordførar Marianne Sandahl Bjorøy kunne Kasper Andreas klippa snora ved inngangen til barnehagen.
- Likar dykk den nye barnehagen, var det litt leiande spørsmålet frå prosjektleiar Eirik Milde til barna som song. Svaret var naturlegvis eit rungande «Jaaaaaaaa!».
Ordførar Marianne Sandahl Bjorøy helsa gjestene med å seia at det var ei stor ære å få opna ein barnehage.
- Det er kjekt med kommunale barnehage. Det er ein samanheng mellom målet om full barnehagedekking og det å få ansvar for barna. Eg er også glad for at barnehagen er lokalisert nær skogen og idrettsområdet på Ågotnes. Her får du mange barn i fellesskap og vaksne med pedagogisk kompetanse. Hamramyra tilfredsstiller alle desse forventningane, sa ordføraren.
Ho takka Tveit Arkitektkontor v/ Jostein Tveit, Donar AS som har hatt totalentreprise, og dei andre aktørane som har vore involverte i prosjektet.
Det mangla ikkje på sangglede under opninga av barnehagen.
10 avdelingar i same område
Hamramyra barnehage starta opp i august 2012. I juni tok ein i bruk dei nye lokala der det no er tre småbarnsavdelingar, ei mellomavdeling og to storbarnsavdelingar. Den gamle Lillebjørn-avdelinga i Ågotnes barnehage er no bygd inn i den nye Hamramyra barnehage. Ågotnes barnehage med fire storbarnsavdelingar ligg eit lite steinkast nord for Hamramyra barnehage. Kapasiteten i den nye barnehagen er på 120 barn. Pr dato er ddet 97 barn i barnehagen.
- Barnehagen er vorten mykje meir enn det eg hadde drøymt om. Barna, foreldra og dei tilsette trivest i dette flotte bygget. No kan vi invitera forelda til fellesarrangement der det er plass til alle, sa styrar Vivian Ekerhovd under markeringa i dag.
Slik ser barnehagen ut frå Ågotnes skule.
Barnehagesjef Margun viste til at det kunne vera krevjande å driva barnehagen vegg i vegg med anleggsarbeid. Ho konkluderte med at det fungert godt.
- På ein måte er ringen slutta no. No er det eldste kommunale barnehage i Fjell bygd saman med den nyaste, sa Landro. Det var også helsingar frå Endre Øren frå Donar AS, Arve Monsen hjå Eigedomssjefen og Tove Sørensen som er styrar på Ågotnes barnehage.
Tekst og foto: Vigleik Brekke
Her er fleire bilete frå opninga i dag
Sist endret: 27.09.2017