Facebook ikon Twitter logo Print side

Om to veker flyttar Sotra legevakt og Medicus helsesenter

Legevakta og Medicus helsesenter (fastlegesenter) flyttar til Øygarden lokalmedisinske senter på Straume om to veker.

No er dei klare for flytting. Frå venstre; Maja Thomas (opplæringssjukepleiar), Christin Mork (leiar legevakta), Carl Martin Welde (legevaktsjef) og Cathrine Vatne Bye (nestleiar legevakta).No er dei klare for flytting. Frå venstre; Maja Thomas (opplæringssjukepleiar), Christin Mork (leiar legevakta), Carl Martin Welde (legevaktsjef) og Cathrine Vatne Bye (nestleiar legevakta).

Legevakta og fastlegesenteret har halde til i Straume helsesenter vis a vis Fjell rådhus. Men no skal dei flytta til det flunkande nye lokalmedisinske senteret eit par hundre meter lengre nord i helselandsbyen.

Medicus helsesenter flyttar til Øygarden lokalmedisinske senter måndag 4. februar, medan Sotra legevakt flyttar inn i dei nye lokala dagen etter, tysdag 5. februar.

- Dette ser vi fram til. Sotra legevakt har ansvar for 39 tusen personar, medan Medicus helsesenter har ansvar for fire tusen pasientar. No har vi bygd dei nye lokala slik vi vil ha dei, og dei ser fantastiske ut, seier legevaktsjef Carl Martin Welde. Welde er også dagleg leiar for Medicus helsesenter.

Medicus helsesenter held stengt 31. januar og 1. februar. Pasientar kan desse to dagane venda seg til Sotra legevakt ved behov for akutt hjelp.

På fastlegesenteret er det i dag totalt sju årsverk (tre fastlegar). Innan utgangen av året kan det verta knytt fem fastlegar til Medicus helsesenter.

Medicus helsesenter er lokalisert like ved hovudinngangen til det lokamedisinske senteret, På biletet ser du legevaktsjef Carl Martin Welde.
Medicus helsesenter er lokalisert like ved hovudinngangen til det lokalmedisinske senteret, På biletet ser du legevaktsjef Carl Martin Welde.


Plakat flytting Medicus helsesenter
Plakat flytting Sotra legevakt

Tekst og foto: Vigleik Brekke
Plakat: Monica Hovland


Sist endret: 23.01.2019