Facebook ikon Twitter logo Print side

Ønskjer å styrkja basisfaga

Komité for drift og forvaltning (KDF) ber rådmannen å utarbeida ei sak som viser korleis ein kan organisera ein auke i lærarkrefter i basisfaga lesing, skriving og rekning. På møtet i dag behandla komitéen tilstandsrapporten for grunnskulen for skuleåret 2016/2017.

Frå møtet i KDF i går.
Frå møtet i KDF i dag.

Etter ei lengre drøfting, fekk framlegget frå Høgre og Ap full tilslutnad i komitéen. I vedtaket ber komitéen om at rådmannen vurderer å oppretta ei mindre gruppe med lærarar som kan vera tilgjengelege for alle skulane.

- Gjennom ei samordning av undervisningspunkta i desse faga på dei ulike skulane, er det truleg at eit slikt ambulerande team vil kunna styrkja undervisningssituasjonen i mange klassar ved at lærartettleiken vert inntil dobla i desse timane, heiter det i vedtaket.

Komiteen vonar at eventuell finansiering av tilbodet kan avklarast i budsjettbehandlinga denne hausten. Komitéen ønskjer også at rådmannen legg fram ei sak om status og vidare strategi for digitaliseringa i skulen. I vedtaket går det også fram at komitéen er tilfreds med at rapporten syner at utviklinga i skulen over tid er positiv, men er samstundes uroa over at Fjell kommune jamt over har svakare resultat enn gjennomsnittet for Hordaland og landet som heilskap.

Støttar forslag om å handheva skilta parkeringsplassar

Komiteen sluttar seg til forslaget om at Fjell kommune fullfører skilting og handhevar skilta parkeringsplassar ved Fjell rådhus og helselandsbyen på Straume. Saka er lagt fram etter at det er gjennomført ei kartlegging av parkeringssituasjonen i desse områda.

I tillegg til handheving av skilta parkeringsplassar, vert det føreslått å be deltakarar på arrangement i kultursalen på dagtid å nytta parkeringsplassar i Kystbygarasjen på Straume og nytta kollektivtransport. Vidare er det aktuelt å setja i gang ein haldningskampanje retta mot kommunalt tilsette på rådhuset og i helselandsbyen for å redusera bruk av bil til og frå arbeid.

Rådmannen har i utgreiinga også vurdert å innføra avgiftsparkering ved helselandsbyen og Fjell rådhus på linje med praksis i Kystbygarasjen og området i Straume sentrum. Ei slik ordning vil medføra investeringskostnader på minst 500 tusen kroner og årlege driftskostnader på om lag 400 tusen kroner. Han konkluderer med at spørsmålet om parkeringsavgift bør sjåast i ein større samanheng og utgreiast i samband med framtidige planar. Komitéen sluttar seg til innstillinga frå rådmannen. Det innebér at det ikkje no vert innført avgiftsparkering. Parkeringstiltaka skal evaluerast etter eit halvt år. Eventuelle ytterlegare tiltak skal vurderast, og ein vil koma tilbake til ein heilskapleg parkeringsstrategi.

Opphevar vedtak om søskenmoderasjon

KDF vedtok å oppheva eit vedtak i KDF i februar der det vart innarbeidd eit punkt om å gje søskenmoderasjon på tvers av SFO og barnehage. Ein gjennomgang av dei økonomiske konsekvensane av vedtektsendringa viser at endringa vil gje ein årleg ekstrakostnad på 1,5 millionar kroner. I tillegg til å slutta seg til rådmannen sitt forslag om å oppheva vedtektsendringa i KDF i februar, vedtok komitéen eit tilleggspunkt om at «KDF ønskjer å vurdera ordninga på nytt i samband med budsjettet for 2018».

Søknader om støtte

Komité for drift og forvaltning vedtok å løyva 122 tusen kroner til nærmiljøanlegg (sjå fordelinga av midlane her). Det vart også vedteke å løyva 75 tusen kroner til Fjell kystlag for dekkja kostnader knytt til Sykkel-VM. Den største delen av tilskotet skal dekkja kostnader med opprusting av kaidekke og kaifront ved Giertsen-nausta på Ågotnes.

KDF behandla også fire andre søknader om støtte; Norges Håndballforbund region vest (Møbelringen Cup), Sotra 24-timars Coastman-Pådriverne, Ran Seilforening (opprusting av kai) og Countryweekend i Ågotneshallen. Komitéen slutta seg til innstillinga frå rådmannen om å gje avslag på alle desse tre søknadene, og om å gje særskilt fritak til leigekostnader for Countryfestivalen i Fjell.

Gjev ikkje uttale til forslag om å innføra forbod mot bruk av plagg for å dekkja ansiktet

Fleirtalet i komitéen (åtte av ni) vil ikkje gje merknader til eit høyringsnotat om forslag om å innføra forbod mot bruk av plagg som heilt eller delvis dekkjer ansiktet i barnehagar og utdanningsinstitusjonar. Komitéen meiner dett er eit prinsipielt spørsmål som Stortinget må ta avgjerd om. KrF fekk ikkje fleirtal for sitt forslag om at Fjell kommune ikkje ønskjer eit nasjonalt forbod mot plagg som heilt eller delvis dekkjer ansiktet. Partiet meiner at det er opp til kvar skule å ha i sitt ordensreglement at ein ikkje dekkjer til ansiktet på skulen.

Andre saker i komité 29. august

  • Utgreiing om heiltidsstillingar i Fjell kommune
    Komitéen gjekk inn for å ta saka til orientering og gjer rådmannen fullmakt til å arbeida med skisserte tiltak for å koma nærare målet om ein heiltidskultur. I tillegg understrekar komiten at det er viktig at arbeidet med ein heiltidskultur held fram.

  • Søknad om endring av salsløyve for alkohol
    Matvareexpressen Bergen AS fekk godkjent søknad om endring av utleveringsstad for nettsalsløyve.


Tekst og foto: Vigleik Brekke

 


Publisert: 29.08.2017 20:32
Sist endret: 29.08.2017 20:40