Facebook ikon Twitter logo Print side

Ønskjer å utvida næringsaktivitetane på Døsjø

Sotra Tre og Betong AS ønskjer å utvida aktivitetane på industriområdet på Døsjø. Komité for plan og utvikling vedtok på tysdag å leggja framlegg til detaljregulering for Døsjeneset ut til offentleg ettersyn.

Skisse

Planområdet er på 83 dekar. Planen legg mellom anna til rette for å utvida dei noverande aktivitetane på området ved å fylla ut i sjøen. Det er planlagt å fylla ut om lag 24 dekar i sjøen, og det opparbeidde arealet er tenkt nytta til framtidig næring. I framlegget er det lagt til rette for fleire bygningar på ei høgde på inntil 24,5 meter.

I saksutgreiinga går det fram at planframlegget fråvik fleire av føringane i kommuneplanen sin arealdel. Det har vore dialog mellom kommunen og tiltakshavar. Planavdelinga har ikkje nådd fram med alle tilrådingane overfor tiltakshavar. I innstillinga er det fleire punkt rådmannen har rådd til vert innarbeidd i planframlegget, og komitéen slutta seg til dei endringane som går fram av saksutgreiinga.

Endringane inneber at buffersona må innarbeidast i plankartet som ei byggjegrense for nye tiltaks om krev utsleppsløyve, og dette må vidare sikrast i føresegnene. Det må innarbeidast rekkjefølgjekrav om at regulering fortau og veg frå næringsområdet fram til busshaldeplassen på Bildøy Marina må etablerast før det kan søkjast om bruksløyve. Det må også innarbeidast ei føresegn som sikrar at høgda på delar av kaien vert tilpassa mindre båtar.

Valde to saksordførarar

Komitéen valde Henning Ekerhovd (Ap) som saksordførar for områdereguleringsplan for Nordre Bildøyna (SE1 og SE2), og Jon Inge Matre (H) som saksordførar for detaljregulering for Ågotnes sentrum.

Komitéen behandla fem klagesaker og eitt krav om dekning av sakskostnader i samband med klage på avslag på søknad om dispensasjon. Ei av klagesakene vart utsett for synfaring.

Under ymseposten opplyste komitéleiar Henning Ekerhovd at det vert invitert til folkemøte i haust der temaet er endring av støysonekart. Avinor vert invitert til å delta på møtet. 


Tekst: Vigleik Brekke
Skisse: Ard Arealplan


Publisert: 28.08.2018 19:25
Sist endret: 28.08.2018 19:27