Facebook ikon Twitter logo Print side

Ønskjer å utvikla Ågotnes idrettspark

Formannskapet går inn for at det vert gjennomført ei rekkje tiltak på Ågotnes idrettspark innanfor ei kostnadsramme på 37,3 millionar kroner inklusive meirverdiavgift.

Ågotnes idrettsanlegg
Ågotnes idrettsanlegg

Saka er ei oppfølging av kommunestyrevedtak i 2017 der rådmannen vart beden om å fremja ei sak om utvikling av idrettsanlegget. I innstillinga frå formannskapet er det føreslått å rehabilitera naturgrasbana og løpebana. På eksisterande grusbane er det føreslått å oppføra niarbane, friplass, trim- og leikepark med utstyr, flaumlys og drenering.

Dersom innstillinga vert vedteken til slutt av kommunestyret, skal det prosjekterast og oppførast eit garderobebygg. Trafikktryggleiken ved anlegget skal utbetrast ved tydeleg skilting og bom. Forslaget inneber at rådmannen får fullmakt til å inngå avtale med Nordre Fjell Allianse IL når det gjeld fordeling av drifts- og vedlikehaldsoppgåver ved anlegget. Fjell kommune er føreslått som byggherre for tiltaka.

Eit siste punkt i innstillinga frå rådmannen om å utgreia sak om etablering av nærvarmeanlegg med geobrønnar for dei kommunale bygga, vart trekt frå saka. Saka går til endeleg behandling i kommunestyret.

Budsjett for 2019

Formannskapet vedtok å leggja årsbudsjett for drift og investering 2019 og økonomiplan 2019-2022 ut til offentleg høyring saman med partia sine endringsframlegg i komité for drift (KDF) den 30. oktober. På møtet på onsdag føreslo Arbeidarpartiet å leggja inn 600 tusen kroner i investeringsbudsjettet til det siste bandet av Fjell bygdebok. Arbeidarpartiet føreslo også å auka vikarbruk/opplæring med 500 tusen kroner (driftsbudsjettet) til om lag 1,2 millionar kroner. Her kan du lesa om forslaga som vart presentert i KDF den 30. oktober.

Formannskapet vedtok å leggja kommuneplanen sin handlingsdel 2019-2022 til offentleg høyring (med endringsframlegg) med frist for tilbakemelding til 7. desember.

I rådmannen sitt framlegg går det fram at driftsbudsjettet har ei ramme på 1,87 milliardar kroner og eit mindreforbruk (underskot) på fem millionar kroner. Det er føreslått at dei fleste eigenbetalingar og satsar aukar med 2,8 prosent neste år. Vassavgifta er føreslått redusert med fem prosent, medan avlaupsavgifta vert uendra. Renovasjonsavgifta er føreslått auka med fire prosent. Framlegget til investeringsprogram viser ei brutto investering i 2019 på 238 millionar kroner, eksklusive 55 millionar kroner til lokalmedisinsk senter.

Finansiering av 110-sentral for 2018

Fjell kommune har motteke ein faktura frå Øygarden brann og redning på om lag eín million kroner som gjeld kostnader til 110-sentralen som er organisert i eit interkommunalt samarbeid med Bergen kommune som vert. Rådmannen la fram to alternative forslag til vedtak. Det eine var at heile beløpet vert dekt av Øygarden brann og redning og at kostnaden til å finansiera tiltaket er inkludert i tilskotet frå Fjell kommune. Det andre alternativet var at kommunen gjev eit ekstra tilskot på 500 tusen kroner og dermed dekkjer halvparten av kostnaden.

Formannskapet går inn for alternativ 2 med å gje eit ekstra tilskot på 500 tusen kroner. I ein protokolltilførsel vert det bedt om ein uttale frå styret i Øygarden brann og redning før behandlinga i kommunestyret der det vert gjort greie for bakgrunnen for fakturaen knytt til 110-sentralen. Saka går til endeleg behandling i kommunestyret.

Andre saker i formannskapet den 7. november

  • Finansiering av rundkøyring fv 209 ved Kystbygarasjen
    Formannskapet gjekk inn for å godkjenna finansieringa av prosjektet. Anlegget vil kosta om lag 13,5 millionar kroner. Saka går til kommunestyret. Frå måndag 12. november vert Grønamyrsvegen stengt ved innkøyringa i rundkøyringa som ein konsekvens av arbeidet.

  • Finansiering av vidare drift av Gründerparken Vest
    Formannskapet går inn for å løyva 500 tusen kroner til vidareføring av gründerparken. Løyvinga gjeld berre for 2019 og vert finansiert over disposisjonsfondet . I løpet av 2019 skal det for fellesnemnda for Nye Øygarden kommune leggja fram ein modell for framtidig finansiering av gründerparken. I innstillinga heiter det også at gründerparken i 2019 må følgjast opp av ei styringsgruppe med eín representant frå Vest Næringsråd, to representantar frå gründerane og eín representant frå kvar av dei tre kommunane. Representanten frå Vest Næringsråd skal vera leiar for styringsgruppa, og formannskapet går inn for at ordførar Marianne Sandahl Bjorøy vert representant for Fjell kommune.

  • Politisk representant for ungdommens kommunestyre
    Ordførar Marianne Sandahl Bjorøy vart vald som politisk representant til ungdommens kommunestyre ut denne valperioden.

Før behandlinga av sakene, orienterte ordførar Marianne Sandahl Bjorøy om forhandlingane om byvekstavtalen mellom kommunar i bergensområdet, fylket og staten. Ho orienterte også om arbeidet med rundkøyringa ved innkøyringa til Kystbygarasjen som startar opp måndag 12. november.


Tekst: Vigleik Brekke
Foto: Arne Monsen

 


Publisert: 08.11.2018 09:11
Sist endret: 08.11.2018 09:27