Facebook ikon Twitter logo Print side

Ønskjer budsjettsamarbeid

Fleire av medlemer i formannskapet gav på møtet i går uttrykk for at dei ønskjer eit budsjettvedtak i kommunestyret i desember som får brei støtte. Det vart vedteke å leggja ut budsjettgrunnlaget med endringsframlegg ut på høyring.

Illustrasjon

På møtet i komité for drift og forvaltning (KDF) i sist veke presenterte Arbeidarpartiet/Høgre, Sotralista/ Venstre/ Senterpartiet/ Miljøpartiet Dei Grøne og SV forslag til 2018-budsjett og handlingsprogram. På formannskapsmøtet på onsdag presenterte FrP og KrF sine forslag til budsjettendringar (i forhold til framlegget/budsjettgrunnlaget til rådmannen).

FrP vil setja av 500 tusen kroner til å oppretthalda servicebussen og 100 tusen kroner i ferietilskot til personar som har særskilte behov. Partiet vil trekkja ut eigedomsskatten (5,4 millionar kroner) frå driftsinntektene og redusera tilskotet til Gode Sirklar med 250 tusen kroner. Meirkostnadene med dette vert dekt inn med bruk av bundne fond. I staden for å bruka eigedomsskatteinntektene på drift, vil FrP bruka eigedomsskatteinntektene til å auka posten til prosjektering til ny Skålevik skule frå eín til fire millionar kroner og å auka posten for trafikksikring med 2,4 millionar kroner.

KrF føreslår å løyva 1,2 millionar kroner til Home Start- familiekontakten i 2018. Dette er ein auke på 400 tusen kroner i forhold til forslaget frå rådmannen. Midlane vert dekte inn ved å redusera kostnadene med kommunale konferansar. Partiet føreslår at budsjett- og strategikonferansen og andre konferansar i kommunal regi så langt det let seg gjera vert arrangerte i eigne lokale utan overnatting. I tillegg føreslår KrF å dekka ekstraløyvinga til Home Start med «ubrukt beløp» i Arbeidarpartiet/Høgre sitt forslag. Utover dette signaliserte gruppeleiar Odd Bjarne Skogestad at partiet i utgangspunktet støttar fellesframlegget frå Arbeidarpartiet og Høgre.

Etter høyringsrunden behandlar komité for drift og forvaltning forslaget på møtet den 5. desember før kommunestyret gjer endeleg vedtak den 14. desember. Både driftsbudsjett, økonomiplan og kommuneplanen sin handlingsdel vert no lagt til offentleg høyring.

Tilrår forbod mot fyrverkeri

Formannskapet går inn for at det vert vedteke lokal forskrift om forbodssone for oppskyting av privat fyrverkeri. I framlegget til forskrift står det at forskrifta regulerer all bruk av fyrverkeri innanfor oppgjevne område på privat og offentleg stad. Formålet med forskrifta er å førebyggja risikoen for skade på liv, helse, miljø eller materielle verdiar. Rådmannen skriv i vurderinga at eit offentleg fyrverkeri på Straume ved Sartor Storsenter vil vera eit godt alternativ til privat oppskyting av rakettar i dette området. Dette kan finansierast som eit spleiselag mellom næringslivet og Fjell kommune. Saka går til endeleg behandling i kommunestyret.

Høyringsuttale om rettleiar for heilskapleg knutepunktutvikling

Formannskapet slutta seg til eit framlegg til høyringsuttale med eit tillegg om at også innfartsparkering (i tillegg til buss- og båtruter) er viktige verkemiddel for å få flest mogleg personar over på kollektivtransport. Det vart også vedteke å leggja inn eit tillegg om at universell utforming av knutepunkt vil også medverka til dette.

Tekst: Vigleik Brekke


Publisert: 08.11.2017 19:02
Sist endret: 08.11.2017 19:12