Facebook ikon Twitter logo Print side

Ønskjer du å forstå tenåringen din betre?

Velkomen til rettleiingskurs for ungdomsforeldre! Oppstart onsdag 24. oktober kl. 16.30-18.30.

Rettleiingskurs for ungdomsforeldre. Foto: Colourbox

Tuning in to Teens er eit forskningsbasert kurs der du som føresatt lærer å støtte tenåringen gjennom det som kan vere ei utfordrande ungdomstid.

Tema

Tema på kurset vil mellom anna vera:

  • Korleis ta vare på det gode forholdet til tenåringen din gjennom ungdomstida?
  • Korleis snakke med tenåringen din om vonde kjensler som tristhet, engstelese og sinne?
  • Korleis støtte tenåringen i utvikling av evna til å regulere stress og frustrasjon?

Målgruppe

Kurset er eit tilbod til alle foreldre i Fjell kommune med barn i 7.-10. klasse.

Dato | tid | Stad

Kurset vil gå over seks onsdagskveldar med oppstart 24. oktober 2018 kl 16.30-18.30 i undervisningsrommet ved Straume helsesenter.

Påmelding

Lurer du på om dette kan vere noko for dykk? Ta kontakt innan 19. oktober.

Meld deg på kurset på telefon 55 09 72 91 eller e-post til sigrid.ystaas@fjell.kommune.no


Publisert: 16.10.2018 08:30
Sist endret: 26.09.2018 13:46