Facebook ikon Twitter logo Print side

Ønskjer kultur for heiltidsstillingar

I forkant av behandlinga av dei politiske sakene, var kommunestyremøtet torsdag denne veka samla til seminar der det mellom anna vart snakka om korleis det skal arbeidast for ein heiltidskultur i omsorg.

Britt Velsvik
Britt Velsvik


- Målet er faste og heile stillingar, sa ein engasjert seksjonsleiar for Bemanningssenteret på Haukeland universitetssjukehus (Helse Bergen), Britt Velsvik.

Ho grunngav dette med at sjukehusa ikkje kan drivast basert på frivilligheit.  Dei tilsette må få tilbod om gode arbeidsvilkår. Velsvik meinte at dette gjev betre kvalitet, arbeidsmiljø og økonomi. Ho gav ros til Fjell for arbeidet med dette temaet.

Selsvik viste til at utfordringa for helse-Noreg er auka behov for kompetent personell. Innan 2035 vil Noreg mangla 35 tusen helsearbeidarar. Fleire eldre vil ha auka behov for tenester.

Astrid Toft
Astrid Toft

Leiar i KS Hordaland, Astrid Toft, snakka om sentrale og lokale problemstillingar, grunnbemanning, rekruttering og sjukefråvær. Ho minna om at kommunestyret er ein del av arbeidsgjevarsida, medan fagorganisasjonane er ein del av arbeidstakarsida. Astrid Toft sa at det er mykje statistikk knytt til sjukefråvær.

- Hugs at det er dykkar eigne data som er dei viktigaste. Det viktigaste er å samanlikna med dykk sjølv, sa Toft.

Frå Fjell kommune var det innlegg ved omsorgssjef Line Barmen, personalsjef Lisbeth Grosvold og personalrådgjevar hjå Omsorgssjefen, Janne Mo.

Janne Mo
Janne Mo

Mo viste til prosjektet om alternative turnus- og arbeidstidsordningar. Ho stadfesta det Kommunal Rapport slo fast i november i fjor at langvakter virkar best mot deltid. Aktuelle tiltak for å nå målet om ein heiltidskultur er bruk av årsplan, langvakter, kompetanse for helgearbeid, rekruttering, vikarpool og bruk av traineering.

Ifølgje omsorgssjef Line Barmen er sjukefråværet stabilt i Fjell. Sjukefråværet i Fjell ligg på landsgjennomsnittet.

Her er presentasjonane frå seminaret:


Tekst og foto: Vigleik Brekke


Publisert: 26.01.2017 12:07
Sist endret: 26.01.2017 12:40