Facebook ikon Twitter logo Print side

Ønskjer meir kunnskap om skulevegring

Kommunepsykologane i Fjell ønskjer å gjennomføra fokusgruppeintervju med elevar i ungdomsskulen og vidaregåande skule om skulevegring og kvifor fleire unge fell utanfor skule og arbeidsliv. Kommunepsykolog Gjertrud Ekerhovd presenterte planane om gruppeintervju for ungdommens kommunestyre (UKS) på tysdag.

Gjertrud Ekerhovd
Gjertrud Ekerhovd

- Vi ønskjer å intervjua elevar gruppevis, tre jenter og tre gutar, i eín time. Målet er å høyra på ungdomen og få kunnskap om kva som rører seg blant dei unge og gjerne staka ut ein kurs vidare, sa Ekerhovd.

Ungdomspolitikarane gav tilbakemelding på at dei ville støtta opp om dette tiltaket. Det kom forslag om at intervjua kan gjennomførast på Fjell folkeboksamling som ligg sentralt til og har gode lokale for dette.

Høyringar

UKS er utfordra til å gje uttale til tre høyringar. Einar Lunde hjå Plan- og eigedomssjefen gav informasjon om detaljreguleringsplan for ny fylkesveg 555 mellom Kolltveit og Sund grense og fylkesveg 561 Kolltveit-Ågotnes (begge til første gongs behandling) som no ligg ute på høyring med frist 1. februar for å gje uttale.

Dette er to store vegprosjekt med ei økonomisk ramme på vel fem milliardar kroner. I uttalen frå UKS vert det lagt vekt på at i arbeidet med vegprosjekta må ein i størst mogleg grad ta omsyn til miljøet og gjera minst mogleg naturinngrep. Ungdomspolitikarane ønskjer også at kollektivtilbodet på dei aktuelle strekningane må oppretthaldast eller verta betre enn i dag.

Ny forskrift om råd for eldre, personar med funksjonsnedsetting og ungdom er sendt ut på høyring. UKS er glad for at ordninga med ungdomsråd er heimla i den nye kommunelova.

Informasjon frå ordførar

Ordførar Marianne Sandahl Bjorøy er politisk kontaktperson for UKS. Ho orienterte om aktuelle saker som kan vera av interesse for ungdomspolitikarane. Rektor på Fjell ungdomsskule, Anne-Merete Vabø Haugane, er tilsett som kommunalsjef for Oppvekst i Nye Øygarden kommune og tek til i stillinga 1. februar. Ordføraren orienterte også om urovekkjande meldingar om auka rusbruk blant ungdom. Det er særleg bruk av cannabis som har har auka blant dei unge den siste tida, heilt ned i 13-årsalderen. Ho oppmoda UKS om å bidra til at dette vert diskutert på skulane. Ordføraren opplyste også at ordninga med ungdomsråd no er lovfesta.

Orienteringar

Det er invitert til ungdommens fylkesting i Bergen 15. -17. februar. UKS kunne velja to delegatar til fylkestinget. Tidlegare medlem i Fjell UKS, Roland Fredriksen, har gjeve melding om at han gjerne stiller på fylkestinget dersom UKS ønskjer det. Han er aktuell kandidat til vervet som ungdomsfylkesordførar. UKS vedtok at Fredriksen vert delegat frå Fjell. Dersom det melder seg eín til frå UKS som vil møta på ungdommens fylkesting innan fristen på fredag, møter Fjell UKS med to delegatar på samlinga i midten av februar.

Frå møtet i går

Regionalt møte om nye Vestland fylke

Arbeidsutvalet i fellesnemnda for Vestland førebur nye Vestland fylkeskommune og har invitert til fem møte, mellom anna i Bergen den 4. februar, for å få innblikk i utfodringar og det som gjeld fylket si rolle som tenesteleverandør og samfunnsutviklar.

Ordførar Marianne Sandahl Bjorøy er blant deltakarane på møtet i Bergen. I drøftinga av saker og tema knytt til fylkeskommunen, gav UKS uttrykk for fleire tema som ordføraren kunne "ta med seg til møtet".

Aktuelle tema er mellom anna ordning for ungdom som kombinerer skule og jobb og at distrikta må få betre kollektivtilbod. Fleire i UKS gav også uttrykk for at innkallingsrutinane hjå fylkestannlegen ikkje fungerer godt nok. Det er også ønske om at rådgjeving om tilbodet i den vidaregåande opplæringa bør verta betre.



Tekst og foto: Vigleik Brekke

 


Sist endret: 29.01.2019