I midten av desember flytta barnevernet inn i nye lokale i Sartor Storsenter.
I framlegget til vedtaket heiter det også at overføring av barneverntenesta frå Sund til Fjell i form av dette vertskommunesamarbeidet, vert definert som verksemdoverdraging. Etter behandling i KDF i neste veke går saka til endeleg behandling i kommunestyret i slutten av januar.
Avtalen vil innebera at barnevernsleiaren i Fjell, med verknad frå 1.juni 2017, vert peika ut som barnevernsleiar for Sund kommune.
Bakgrunnen for saka er at Fjell kommune har motteke ein førespurnad om å vera vertskommune for Sund kommune sine oppgåver etter lov om barnevernstenester. Sund kommune ønskjer å bli del av eit større fagmiljø for å kunna utføra desse oppgåvene på ein best mogeleg måte.
Rår til å forskottera spelemidlar
Rådmannen går inn for at Nest-Sotra får 788 tusen kroner i forskottering av spelemidlar til rehabilitering av kunstgrasdekke på banen i Skålvika (11-erbane). Det vert lagt til grunn ein avtale der det går fram at venta spelemiddeltilskot på 788 tusen kroner i sin heilskap går til Fjell kommune.
Total kostnad for rehabilitering av anlegget er om lag 2,37 millionar kroner. Nest Sotra fekk ikkje godkjent spelemidddelsøknaden i 2015 på grunn av manglande finansiering. Restfinansiering er no på plass. Tilsegn om spelemiddeltilskotet vil tidlegast koma i 2019. Det er medlemene i Nest-Sotra som utfører drift og vedlikehald av banen.
Andre saker i KDF den 17. januar
- Detbatthefte KS, mellomoppgjer
- Vertskommunesamarbeid med Askøy, Sund og Øygarden om barnevernsvakt
- Søknad om salsløyve for alkohol, Bunnpris Ågotnes (verksemdoverdraging)
Før behandling av sakene, vert det orientering om Aktiv Fjell, rapport om levekår og studietur til Oslo.
Møtet vert halde i komitésalen i Fjell rådhus og tek til klokka 16.00. Her kan du lesa innkalling med sakskutgreiing.
Tekst og foto: Vigleik Brekke
Sist endret: 10.01.2017