Facebook ikon Twitter logo Print side

Ønskjer utvida mandat for tilsetjing av prosjektleiar

I ei felles sak i dei tre kommunane Sund, Fjell og Øygarden, vert det innstilt på at førebuande fellesnemnd (for kommunesamanslåing) får utvida mandatet til å tilsetja prosjektleiar. Konkret vert det føreslått at førebuande fellesnemnd (FF) får ansvar for prosessen fram mot tilsetjing og myndigheit til å gjennomføra sjølve tilsetjinga.

Illustrasjon

Formannskapet i Fjell skal behandla saka den 18. januar før ho går til endeleg behandling i kommunestyret. Det er innstilt på at det vert vedteke ei løysing der stillinga vert utlyst som prosjektleiar med høve til å søkja stillinga som rådmann i den nye kommunen. I saka ligg det også framlegg til kvalifikasjonar for prosjektleiaren.

På sist møte i FF (08.12.) drøfta ein ulike modellar. Det kan tilsetjast ein prosjektleiar tidsavgrensa fram til den nye kommunen vert etablert 1. januar 2020. Ein annan modell er kombinert prosjektleiar og rådmann. Ein tredje modell er ein kombinasjon av dei to andre modellane der ein definerer prosjektleiarfunksjonen slik at det i stillingsutlysinga går fram at prosjektleiaren kan søkja stillinga som rådmann. Det er den tredje modellen det vert innstilt på i denne saka.

Serviceerklæring for Plan og utbyggingssjefen

Det ligg føre framlegg til serviceerklæring for Plan- og utbyggingssjefen. Rådmannen rår til at erklæringa vert godkjent slik ho ligg føre. Serviceerklæringa skildrar omfanget av og innhaldet i tenestene, formålet med tenestene, servicenivå, standard, fristar og vilkår for bruk. Målet er å gje eit oversyn over kva som vert forventa av tenestene og kva forventningar som vert stilt til både brukarar av tenestene og verksemda.

Formannskapet skal også drøfta dei folkevalde sine arbeidsvilkår.

Før behandlinga av sakene tek til, vert det orientering om kartlegging og verdisetjing av friluftsområde i Fjell og idé om nytt kunnskapskvartal på Bildetangen.

Møtet vert halde i komitésalen i Fjell rådhus og tek til klokka 15.00. Her kan du lesa innkalling med saksdokument.


Tekst: Vigleik Brekke
Ill: Monica Hovland

 


Publisert: 12.01.2017 14:10
Sist endret: 12.01.2017 14:12