Facebook ikon Twitter logo Print side

Ønskjer vidare utgreiing av snøggbåtrute

Formannskapet støttar innstillinga frå rådmannen om at det vert arbeid vidare med utgreiing av båtsamband mellom Ågotnes og Bergen. Formannskapet drøfta på onsdag uttalen til ein rapport om båtsamband mellom Nye Øygarden kommune og Bergen.

Ill.

Dei fleste som tok ordet på formannskapsmøtet, var glad for rådmannen si offensive innstilling i uttaleutkastet til å etablera eit båtsamband. Nokre var litt usikkre på kor realistisk det var å etablera samband frå Straume Sjøfront og Brattholmen, men formannskapet slutta seg samrøystes til innstillinga frå rådmannen. I uttalen heiter det mellom anna at med auka aktivitet og etablering av Ågotnes godshamn, er Ågotnes eit alternativ som styrkjer seg som ein aktuell lokalitet for varig båtsamband. Kommunen ønskjer at det vert arbeidd vidare med dette alternativet både på kort og lang sikt.

På vegner av fylkeskommunen har Skyss utgreidd mogleg båtsamband mellom Bergen og nabokommunane. I utgreiinga har ein sett på om det kan utviklast eit tenleg driftsopplegg for båtsamband mellom Sotra og Bergen (Strandkaien). Rapporten har vurdert passasjergrunnlag og effekten av tiltak opp mot driftskostnadene med eit båtsamband. I rapporten vert det rådd frå å oppretta båtsamband..

I utgreiinga skriv rådmannen saknar vurdering av dei samfunnsøkonomiske konsekvensane for regionane og næringslivet, både på kort og lang sikt. Han meiner det er viktig at fylkeskommunen, kommunane og næringslivet saman arbeider vidare med å finna tiltak som kan flytta personbilreiser over på kollektivbruk. Saka går til endeleg behandling i kommunestyret.

Områdemodell for Straume

Formannskapet går inn for at Fjell kommune tek i bruk områdemodell for Straume sentrum, indre kjerne for å sikra framtidig finansiering av store fellestiltak i området. I innstillinga går det fram at det offentlege bidreg med 50 prosent og utbyggjarane bidreg med eit fast beløp pr. kvadratmeter (BRA). I framlegget heiter det at rådmannen får mandat til å forhandla fram og inngå overordna utbyggingsavtalar med grunneigarane i dette området. Dersom rådmannen ikkje oppnår semje med grunneigar om overordna utbyggingsavtale, får rådmannen mandat til å etablera ein områdemodell gjennom vedtak.

Utsette sak om redusert gebyr for vatn og avlaup

Formannskapet utsette saka om redusert gebyr for vatn og avlaup. FjellVAR AS har opparbeidd eit sjølvkostfond på 40 millionar kroner. I samband med overgang til ny kommune og etablering av nytt selskap, vert føresetnadene for storleiken på fondet endra. Det låg føre innstilling frå styret i FjellVAR med forslag om at fondet vert redusert med 19 millionar kroner og at det ikkje vert kravd inn gebyr for tredje termin 2019. Rådmannen innstilte også på dette.

På møtet vart det vist til ønske frå nabokommunane om å få meir informasjon om bakgrunnen for forslaget om redusert gebyr. Formmannskapet var samrøystes om å utsetja saka.

Årsmelding og rekneskap

Formannskapet innstilte på å godkjenna rekneskapen og årsmeldinga for 2018. Det rekneskapsmessige meirforbruket i 2018 var på 31,8 millionar kroner. Dette er føreslått dekt av disposisjonsfondet.

Under ymseposten vart det mellom anna orientert om byvekstavtalen. Kommunar i bergensområdet, fylkeskommunen og staten har over lengre tid arbeidd med denne avtalen som har nullvekst for persontransport med bil som overordna mål. Det er kalla inn til nytt møte mellom partane på torsdag denne veka.


Tekst: Vigleik Brekke
Foto: Cowi

 


Sist endret: 05.06.2019