Facebook ikon Twitter logo Print side

Ønskte bebuarane på Kvednatunet god jul

Ordførar Marianne Sandahl Bjorøy og sokneprest i Landro, Bjarte Nese, var på plass på Kvednatunet på julaftan på julesamling og gav bebuarane gode ord på den store dagen.

Ordførar Marianne Sandahl Bjorøy
Ordførar Marianne Sandahl Bjorøy

Ordføraren viste til tradisjonane knytt til julefeiringa, mellom anna om grønfargen som er eit symbol på vekst og at det går framover. Ho stilte spørsmålet om kva tradisjonar vi ønskjer skal vidareførast frå generasjon til generasjon og kven som treng ekstra omtanke i julehøgtida.

- Det er viktig å tenkja på dei som ikkje har dei same tradisjonane som oss og dei som fell utanfor. Frivillige lag og organisasjonar organiserer no meir og meir juleselskap for dei som gjerne ikkje har ein familie rundt seg i julehøgtida. Mange steller til dette og opplever dette som ein fin måte å feira jul på, sa ordføraren før ho ønske alle ein god jul.

Forsoning

Etter at sokneprest Bjarte Nese hadde lese juleevangeliet frå Lukas-evangeliet fortalde han ein historie han kjenner til frå barndomen. To brødre hadde det som brødre flest. Dei var ikkje alltid perlevener. Storebroen erta den minste såpass lenge og mykje at det til slutt brast for den minste. Han saga av dei nye hoppskia til eldstebroren og øydela skia for alltid.

Sokneprest Bjarte Nese

- Dette var på 1950-talet, og det var for dyrt å skaffa nye ski. Etter kvart forstod storebror kor mykje han hadde såra minstebroren. Nokon måtte ta initiativ til forsoning, og det måtte tilgjeving til. På same måte vil Gud gje tilgjeving og setja menneske fri, sa Nese og la til at dei to brødrene fekk ha eit livslangt venskap etter at dei fekk gjera opp seg imellom.

Samlinga på Kvedatunet og dei andre omsorgsinstitusjonane er ein tradisjon prost Erling Kopperud har hatt i mange år saman med ordføraren. Denne gongen steppa Bjarte Nese inn og fekk saman med ordføraren bebuarane i den gode julestemninga. I tillegg til tale ved soknepresten og ordføraren vart det naturlegvis tid til å syngja julesongar saman. Marie Bersaas frå Sekkingstad framførte dikt ho hadde skrive sjølv.

Ordførar Marianne Sandahl Bjorøy hadde også saman med Leif Jarle Theis, tidlegare prest i Fjell prestegjeld, samlingar på Straume- bu og servicesenter og Fjell sjukeheim seinare på dagen.


Tekst og bilete: Vigleik Brekke

Her er fleire bilete frå samlinga:

Bjarte Nese helsar på Gerda BerlandMarie Bersaas


Sist endret: 24.12.2018