Facebook ikon Twitter logo Print side

Ønskte velkomen til 36 nye lærlingar

Det var mange spente ungdomar samla i kultursalen i dag. Ordførar Marianne Sandahl Bjorøy var stolt over at det totalt er 80 ungdomar som har lærlingplass i Fjell.

Her er dei nye lærlingane hausten 2018.
Her er dei nye lærlingane hausten 2018.

- Eg er stolt over å sjå denne flokken samla her i kultursalen. Eg håpar de får det fint ute på arbeidsplassane, sa ordføraren då ho ønskte ungdomane velkomen til Fjell kommune.

Lærlingane fordeler seg på kontor- og administrasjon, barne- og ungdomsarbeid, helse, institusjonskokk, IKT-service og byggdrift.

- De er lærling i den kommunen som har flest lærlingar av alle kommunane i Hordaland. Det nasjonale målet er minst eín lærling pr. tusen innbyggjar,. I Fjell har vi nesten tre lærlingar pr. tusen innbyggjar. Fjell kommune ønskjer å gje ungdomar høve til å fullføra fagutdanninga si. Når kommunen tek inn så mange lærlingar, så får vi tilført ny og spennande arbeidskraft som er motiverte og som ikkje minst tilfører ny kunnskap, kreativitet og nye idear, sa ordføraren som var overtydd om at det gode datakunnskapen hjå ungdomane ville vera til stor hjelp i lærlingtida.

Ordførar Marianne Sandahl Bjorøy

Evelyn Persson er lærlingkoordinator i Fjell. Ifølgje ordføraren ho ein person som ikkje veit kva godt ho kan gjera for lærlingane, men legg til:.

- Ho er streng men rettferdig og krev at de møter opp og er pliktoppfyllande, sa ordføraren.

Haldningar i arbeidslivet

Evelyn Persson presenterte dei faglege leiarane og snakka om gode haldningar i arbeidslivet.

- Vis kven du er for sjefen din. Det er viktig at arbeidsplassen får tillit til deg. Difor oppmodar eg deg til å vera motivert, visa samarbeidsevne og vera god til å lytta, sa Persson og minna om kor viktig det er å visa ansvar og finna eigarskap til arbeidsplassen. Ho håpte også at lærlingane vil verta gode ambassadørar for arbeidsplassen sin på sosiale medium.

To lærlingar.

På samlinga i dag gav personalsjef Lisbeth Grosvold orientering om Fjell kommune, medan MOT-informatør Vigdis Taranger gav lærlingane innføring i korleis MOT organiserer arbeidet sitt. Representantar frå Fagforbundet og Delta orienterte om rettar og plikter i arbeidslivet.

Dagen vart avslutta med føredrag av Cidi Nzita. Han kom frå Angola til Norge som einsleg mindreårig i 2003, 7 år gamal. Han har tatt fagbrev som barne-og ungdomsarbeidar.

Tekst: Vigleik Brekke
Foto: Jøran Ingvaldsen

Her er fleire bilete frå samlinga i dag:

Evelyn PerssonVigdis Taranger


Publisert: 04.09.2018 21:35
Sist endret: 04.09.2018 21:44