Facebook ikon Twitter logo Print side

Opna aktivtetstiltak i regi av Way Forward

Den 13 år gamle Jude Aniston Mariyampillai imponerte alle dei frammøtte då han framførte Leonard Cohens Hallelujah i ein nydeleg versjon ved opninga av Way Forward sitt nye aktivtetstiltak i dag. Opninga skjedde i lyse og trivelege lokale i Lieco-bygget. Dermed har organisasjonen fått eit tilpassa tilbod sentralt på Straume.

Jude Aniston Mariyampillai kom til kvartfinalen i Norske Talenter 2017. Det var ikkje vanskeleg å høyra at han nådde langt........
Jude Aniston Mariyampillai kom til kvartfinalen i Norske Talenter 2017. Det var ikkje vanskeleg å høyra at han nådde langt........

Dette tiltaket vert gjennomført i samarbeid med Fjell kommune, og det var Fjell-ordførar Marianne Sandahl Bjorøy som klipte av snora godt assistert av «stiftaren» av Way Forward, Richard Kiwanuka. I dei nyoppussa lokala på knapt 200 kvadratmeter, leigd av Lieco Bygg AS, har det tidlegare vore eit arbeidssenter i regi av Fjell kommune.

Ordføraren viste til at i fjor var det opning av Kraftsenteret for inkludering.

- No er tida inne til å gå litt vidare og då med eit nytt prosjekt der det vert lagt vekt på førebyggjande tiltak med tanke på nedkjemping av radikalisering og valdeleg ekstremisme. Eg trur at dette tiltaket vil utgjera ein forskjell. Konkret satsing på førebyggjande tiltak mot nettop radikalisering ogvald i nære relasjonar er viktig. Å ha ein samlingsstad som legg vekt på daglegdagse aktivitetar vil føra til annan aktivitet og engasjement, sa ordføraren.

Ordførar Marianne Sandahl Bjorøy stod for den offisielle opninga.
Ordførar Marianne Sandahl Bjorøy stod for den offisielle opninga.

Richard Kiwanuka retta stor takk til den politiske leiinga for at dei ser kor viktig dette arbeidet er. Han takka også huseigar og Eigedomssjefen for å lagt til rette for gode og tilpassa lokale.

- Dette er ein viktig møtestad som skal brukast til inkludering. Vi ønskjer at folk skal koma seg ut og at dette kan verta ein god møteplass for både unge og eldre, sa Kiwanuka og opplyste at det vert lagt til rette for at elevar kan få leksehjelp på denne møteplassen.

I lokala er det mellom anna plass til hobbyrom, danserom, fellesrom, kjøken, musikkstudio og rom med ustyr som ski, fiskeutstyr og fotballsko. Også boksaren, Tim-Robin Lihaug, som er ambassadør for Way Forward, var på plass under opninga i dag.

Her er fleire bilete frå opninga:

Abu Adonaba frå GhanaTim-Robin Lihaug


Publisert: 16.06.2017 16:28
Sist endret: 16.06.2017 16:36