Facebook ikon Twitter logo Print side

Opna den nye turnhallen på Straume

Sundag ettermiddag klipte ordførar Marianne Sandahl Bjorøy og Trond Mohn av snora for å erklæra Sotra Turnhall for offisielt opna.

Ordførar Marianne Sandahl Bjorøy og Trond Mohn klipte snora.
Ordførar Marianne Sandahl Bjorøy og Trond Mohn klipte snora.

Den nye tilskotet til idrettsområdet på Straume er på brutto to tusen fem hundre kvadratmeter. Heile anlegget har ei kostnadsramme på 64 millionar kroner eksklusive meirverdiavgift.

I helsinga sa ordføraren at denne turnhallen er etterlengta og vil tilføra turnmiljøet eit ekstra løft i form av kortare reisetid og tilgjenge.

- Dette er eit nytt tilskot til idrettsparken som gjer at fleire idrettar er samla. Dette kan også føra til at klubben kan ta på seg større idrettsarrangement. Fordelen med å ha eigen hall er at tida i hallen kan nyttast til aktivitet og ikkje til å rigga opp og ned ustyret som skal brukast. Den helsemessige gevinsten, både fysisk og psykososialt ved å delta i idrett, er udiskutabel, sa Sandahl Bjorøy.

Den nye hallen gjev ett tusen fem hundre kvadratmeter turnflate. I tillegg er det ein stor dansehall, aktivitetshall for dei minste, garderobe, møterom og stor kafeteria som er tilrettelagt for bruk av både turnfolket og fotballfolket.

Stor hall

Dagleg leiar i Sotra Sportsklubb, Dan Christensen, seier at det var ein stor dag i går. Ifølgje Christensen er dette ein av dei største turnhallane i landet.

Den nye hallen ligg like ved Sotra Arena.
Den nye hallen ligg veg i vegg med Sotra Arena.

- Ved opninga var rundt 250 personar til stades. Like mange var innom på «open hall» på sundag. Aldersbestemte utøvarar gav ein timelang oppvisning i turn og dans, seier Christensen.

Hallen har altså kosta 64 millionar kroner. Bidraget frå Fjell kommune er forskottering av spelemidlar på 12 millionar kroner og ein del av tomta turnhallen står på. Trond Mohn har gjeve 45 millionar kroner til hallen. Trond Mohn roste Fjell kommune for forskottering og rask saksbehandling.

Ordføraren gjev ros til dei som står på i det daglege arbeidet.

- Vi er heldige som har personar som står på og ikkje kjenner på avgrensingane. Vi er heldige som har ein dagleg leiar i Sotra Sportsklubb som veit korleis han skal få ting til og som jobbar kontinuerleg og vi er heldige som har ein generøs bidragsytar som bidreg med midlar slik at draumane og ønske kan gå i oppfylling, sa Marianne Sandahl Bjorøy.


Tekst: Vigleik Brekke
Foto: Tom Georg Indrevik og Vigleik Brekke


 


Sist endret: 01.04.2019