Facebook ikon Twitter logo Print side

Opna kulturskuleveka

Også i år vart det ei flott ramme på opninga av kulturskuleveka. Denne gongen var det leiar i komité for drift og forvaltning, Ernst Einarsen, som stod for den offisielle opninga på Liljevatnet skule i går kveld.

Frå opninga av kulturskuleveka i går. Ernst Einarsen stod for den offisielle opninga.
Frå opninga av kulturskuleveka i går. Ernst Einarsen stod for den offisielle opninga.

To konsertar vart avvikla samstundes, og det var utstilling i foajeen der det også var høve til å slappa av med kaffi og kaker. Kulturskuleveka vert arrangert både om våren og hausten. På denne måten får Fjell kulturskule visa fram stor breidde av det som er resultatet av undervisninga.

Her er nokre av elevane i Fjell kulturskule.
Her er nokre av elevane i Fjell kulturskule.

Einarsen var imponert over det han høyrte og kunne sjå på utstinngane.

- Vi får ta del i gleda over å lukkast, og eg tenkjer det er fleire enn eg som har hatt ei tåre i augnekroken når poden har vore på scena for å presentera «verket» sitt. Her vil du finna mange maleri og teikningar, men også ei par skulpturar. Eg må få seia at det er imponerande kva dei får til, sa Einarsen.

Konsertane som tidlegare har vore arrangert rundt om i kommune, er dette året samla til Liljevatnet skule med start tysdag kveld og nye arrangement dei to neste dagane.

Einarsen sa at vi jamleg vert presentert for analyser av tydinga av kreativitet.

- Den amerikanske økonomiprofessoren og nobelprisvinner Edmund Phelps meiner å vita at innovasjon og kreativitet vert svært viktig for å oppretthalda den vestlege kulturen vår. Han hevdar at det er viktig å utvikla ferdigheiter som sjølvstende, individuelt initiativ og skapande evner! sa Einarsen.


Tekst: Vigleik Brekke
Foto: Henning Ekerhovd

 


Sist endret: 10.04.2019