Facebook ikon Twitter logo Print side

Opna ny gang- og sykkeltunnel

- Dette er eit viktig steg mot å verta ein sykkelby, og eg håpar at denne tunnelen vert til glede for mange. Det sa ordførar Marianne Sandahl Bjorøy då ho i føremiddag klipte snora for å markera at den nye tunnelen mellom Sartor Storsenter og Straume Sjøfront var offisielt opna.

Ordførar Marianne Sandahl Bjorøy stod for den offisielle opninga av tunnelen. Til venstre; Charles Stamford Hazell, og til høgre; Thomas Skålnes.
Ordførar Marianne Sandahl Bjorøy stod for den offisielle opninga av tunnelen. Til venstre; Charles Stamford Hazell, og til høgre; Thomas Skålnes.

Før ho klipte snora like utanfor inngangen til tunnelen ved Straume Sjøfront, viste ordføraren viste til at Fjell kommune er invitert til å vera ein del av byvekstavtalen der målet er nullvekst i bruk av privatbil.

- I Straumeplanen går det fram at sentrum på Straume og sjøen skal koplast saman. All parkering skal vera under bakken. Under anleggsperioden for Kystbygarasjen vart det skote ut mykje stein som vart frakta gjennom anleggstunnelen fram til Straumsundet til bruk ved etableringa av Straume Sjøfront. Når anleggstunnelen no er utvikla til å verta ein gang- og sykkeltunnel kan folk no nesten gå tørrskodd fram til kollektivterminalen, sa Marianne Sandahl Bjorøy.

Tunnelen mellom Straume Sjøfront og Kystbygarasjen er om lag 300 meter lang. Tek du heisen like der tunnelen avsluttar mot Kystbygarasjen inne i fjellet, kjem du opp i dagslyset i området ved parkeringsplassen til Sartorparken. Det er også mogleg å gå lengre inn i garasjeanlegget og ta heisen som fører deg opp sentralt i Sartor Storsenter.

Tunnelen er allereie teken i bruk

Charles Stamford Hazell er dagleg leiar i Straumesundet Bolig AS. Dette selskapet eig tunnelen saman med Sartor Storsenter og Olav Thon Gruppen.

- Eg vil takka for eit godt samarbeid med Fjell kommune, både politisk og administrativt. Denne tunnelen bidrar til å skapa eit godt bumiljø. Det er også gledeleg å sjå at skulebarn allereie har teke tunnelen i bruk. Eg ser for meg at folk ein varm sommardag kjøper seg ein pose med reker på senteret, tek turen gjennom tunnelen og set seg, dinglar med beina ved kaikanten på Straume Sjøfront og kosar seg med rekene, sa Stamford Hazell.

Tunnelen er i bruk og gjev høve til den gode samtalen.
Tunnelen er i bruk og gjev tid til den gode samtalen. Borghild Johansen bur i Straume Sjøfront og brukar tunnelen ofte. Ho set stor pris på dette tilbodet.

Direktør i Sartor Storsenter, Thomas Skålnes, overrekte blomar til Stamford Hazell og helsa til dei 25 personane som var til stades under den offisielle opninga.

- Dette er ein miljøtunnel og ein ny attraksjon i Sotra Kystby vi viser fram når vi får besøk, sa Skålnes og understreka at denne tunnelen ikkje berre er berekna for bebuarane i området.

Basecamp stilte opp med syklar på opninga slik at dei frammøtte kunne testa korleis det er å ta seg ein sykkeltur i den nye tunnelen.


Tekst: Vigleik Brekke
Foto: Jøran Ingvaldsen

Her er fleire bilete frå opninga:

 

 

 


Publisert: 05.10.2018 14:45
Sist endret: 05.10.2018 15:41