Facebook ikon Twitter logo Print side

Opna ny park sentralt på Straume

I nydeleg haustver kunne ordførar Marianne Sandahl Bjorøy i dag klippa snora for å markera offisiell opning av Sartorlunden på Straume. - I denne parken kan du plukka deg eit eple utan at nokon trur du er på slang, sa ordføraren.

Ordførar Marianne Sandahl Bjorøy klipte snora. Balen Yousef (til venstre, Dronninga Landskap) og Stein Wilhol /Wikhold Anleggsgartnermester) heldt i snora.
Ordførar Marianne Sandahl Bjorøy klipte snora. Balen Yousef (til venstre, Dronninga Landskap) og Stein Wikholm (Wikholm Anleggsgartnermester) heldt i snora.

Den nye parken ligg mellom Lonavegen og Straumeporten bustadblokk. Det er laga til eit vatn sentral i parken, og det er bygd ein 600 meter lang promenade med vestlandsmurar. Den botaniske kysthagen inneheld mellom anna store buskar og småtre tilpassa skandinaviske kyststrok. Parken er universelt utforma. Etter kvart skal ei gamal løe skal byggjast om til ein parkpaviljong. Les meir om parken her.

 Ordføraren sa at politikarane har vore tydelege på korleis parken skal utformast.

- Parken skal ha ein god visuell og funksjonell utforming, og det skal vera ein samanheng mellom områda nord for Bildøyvegen. Om hausten kan du plukka plommer og eple i Sartorlunden utan at du vert teken for epleslang. Og vatnet kan brukast som skøyteis om vinteren, sa Sandahl Bjorøy før ho delte ut blomar til Wikholm Anleggsgartnermester ved Thor-Andre Wikholm, Ragnhild Momrak hjå arkitekt Dronninga Landskap og Ernst Einarsen, Sartor Holdning.

Eit resultat av ambisiøse mål

Arkitekt Ragnhild Momrak hjå Dronninga Landskap sa at Sartorpren er eit resultat av det ambisiøse målet om å forvandla eit tradisjonelt innovervendt kjøpesenter frå 1980-90 talet til ein liten by med utandørs møteplassar, som gater, torg og bypark.

Ho orienterte om Sartordammen der det under utgravinga kom fram tre store berg. Det eine berget er no eit undersjøisk skjer. Sartorpromenaden har mellom anna trapper bygde av larvikitt og er utforma som slottstrapper som er ekstra gode å gå i.

- Det er ikkje kvardagskost å laga ein park. Mange tettstader og småbyar har ingen parkar. Så dette er ein stor dag for Noreg, den nye kommunen Øygarden, den nye kystbyen at vi har fått ein kompakt lund med mange opplevingar og med stor parkkjensle her på Sartor, sa Ragnhild Momark.

Thor-Andre Wilholm i Wikholm Anleggsgartnermester takka for oppdraget med parken. 70-80 pesonar deltok på opninga i nydeleg haustvér.

Tekst: Vigleik Brekke
Foto: Kjell Andersland

Her er fleire foto frå opninga:


Sist endret: 18.10.2019