Facebook ikon Twitter logo Print side

Opna ny veg Storskaret-Arefjord

Litt etter klokka 12 i dag kunne fungerande fylkesordførar Pål Kårbø foreta den offisielle opninga av fylkesveg 209 Storskaret-Arefjord i Fjell. Med 1,3 kilometer ny veg, vert Straume sentrum avlasta for trafikk frå Straume mot aust. I tillegg kan trafikantar frå vest nytta den nye vegen når dei til dømes skal til Søre Straume og Kystbygarasjen.

Utsikt frå gangbru over vegen retning mot den søre delen av Straume.
Utsikt frå gangbru over vegen retning mot den søre delen av Straume.

Den nye vegen vert eit nytt tverrsamband mellom riksveg 555 og fylkesveg 209. Dette er ein fylkesveg, og det var fungerande fylkesordførar Pål Kårbø som stod for den offisielle opninga.

- Dette er eit prosjekt som gjer ein forskjell og er ei viktig avlastning for trafikken på Straume. Eg har notert meg at ei bru er teke ut av prosjektet, og eg reknar dette som ein gjeldspost, kortsiktig eller langsiktig. No handlar det om å få fullført Sotrasambandet, sa Kårbø før han klipte snora.

Fungerande fylkesordførar Pål Kårbø klipte snora og erklærte den nye vegen for offisielt opna.
Fungerande fylkesordførar Pål Kårbø klipte snora og erklærte den nye vegen for offisielt opna.


Varaordførar i Fjell, Tom Georg Indrevik, sa at denne vegen vil bidra til å gje endå betre trafikkavvikling mellom næringsområdet på Søre Straume, idrettsparken og ikkje minst Sotra Kystby.

- Dette er eit utruleg flott veganlegg som er godt tilpassa terrenget og inneheld mange flotte kvalitetar. Eg håpar at vi i dei komande åra saman med fylkeskommunen kan invitera til mange fleire vegopningar i Nye Øygarden kommune, sa Indrevik.

Seksjonsleiar i Statens vegvesen, Arild Hegrenes, var godt nøgd med samarbeidet med entreprenør Bertelsen og Garpestad.

- Prosjektet har ikkje kosta meir enn det som var føresetnaden. Totalramma var 150 millionar kroner, og inklusive alle kostnadene hamna vi på om lag 140 millionar kroner. Ei av dei planlagde bruene vart ikkje realisert på grunn av kraftlinja like ved, sa Hegrenæs.

Sykkel- og gangsti

Det er sykkel- og gangsti på begge sider av vegen, og det er bygd ei gangbru over vegen eit par hundre meter nord for rundkøyringa i sør. Frå denne gangbrua er det sykkel- og gangsti mot Straumsfjellet.

Koplinga på rv 555 er realisert med rampe frå Sotra og rampe mot sentrum. No kan trafikantane nytta den nye vegen når dei skal køyra frå straumeområdet mot Bergen sentrum, Knarrvika og Hjelteryggen-området. Trafikantantar som kjem frå vest kan nytta vegen når dei skal til den søre delen av Straume, Kystbygarasjen og Straume sentrum.

Prosjektet starta opp i januar 2016. Det er sprengt ut 150 tusen kubikk stein. Den største utfordringa var utsprenginga langs den trafikkerte riksvegen (555). Det står igjen arbeid med støytiltak og mindre arbeid med sinusmerking. Ifølgje Arild Hegrenæs har det ikkje vore ulukker/skader med fråvær i samband med prosjektet.

Her er fleire bilete frå markering av ny veg Storskaret-Arefjord.

Opningsseremonien opna ved song av Læringsverkstedet Aronien barnehage.Tom Georg IndrevikFrå venstre; Steinar Nesse (rådmann i Fjell), Tom Georg Indrevik, Pål Kårbø og Julie Langum (medlem i ungdommens kommunestyre Fjell og Ungdommens fylkesting). Håkon Rasmussen (samferdslesjef Hordaland fylkeskommune) og Pål Kårbø.Steinar Nesse, På Kårbø, Tom Georg Indrevik og prosjektleiar Siri Korpelin Bernås.Håkon Rasmussen, Tom Georg Indrevik, Siri Korpelin Bernås og Steinar Nesse.Pål KårbøFrå det nye veganlegget. Frå det nye veganlegget. Frå det nye veganlegget. Frå det nye veganlegget.

 

 

 

 

 

 


Publisert: 29.06.2017 14:13
Sist endret: 29.06.2017 14:25