Facebook ikon Twitter logo Print side

Opna rehabilitert symjebasseng

I samband med Fana Sparebank-Medley-stemnet på Ågotnes denne helga kunne ordførar Marianne Sandahl Bjorøy klippa snora for å markera den rehabiliterte symjehallen på Ågotnes for offisielt opna. - No skal vi trena meir og symja raskare, seier Linnea Solsvik (12) i Vestkantsvømmerne som var eín av 168 deltakarar på stemnet

 

Frå venstre; Miriam Angelika Tofting, Gaute Nymark, Marianne Sadahl Bjorøy og Linnea Solsvik.
Frå venstre; Miriam Angelika Tofting, Gaute Nymark, Marianne Sadahl Bjorøy og Linnea Solsvik.

Før ordføraren klipte snora viste ho til at det handlar mykje om Ågotnes denne veka. På torsdag var det opning av den siste delen av turløypa ved Kvednavatnet. På onsdag gjekk formannskapet inn for å rusta opp idrettsanlegget på Ågotnes for 37 millionar kroner. I dag var det nyopning av symjebassenget, og på sundag spelar Nest-Sotra sin siste seriekamp for året der det er sjanse for å hamna blant dei som kan kvalifisera seg for eliteseriespel neste sesong.

- Skuleelevane har rett på symjeopplæring, og dette er eit viktig førebyggjande tiltak for å unngå drukningsulukker. Fjell kommune har valt å prioritera tilskotsmidlar frå staten til opprustinga av symjehallen. Totalt har dette kosta 13 millionar kroner, sa ordførar Marianne Sandahl Bjorøy.

Det var Miriam Angelika Tofting (11), Gaute Nymark (11) og Linnea Solsvik (12) som fekk æra av å halda i snora då ordføraren klipte. For desse er Ågotnes symjehall treningsarenaen.

- Symjehallen er kjempeflott, og alt er vorte finare enn før, seier Gaute og Miriam. Dei fortel at dei i halvanna år har reist til Askøy og Sandgotna (Loddefjord) for å trena. Det har teke tid og ført til litt redusert tid til trening.

Reint og vakkert

Malin Moldekleiv Dahle i Vestkantsvømmerne trenar barn og unge i alderen åtte til 16 år og er engasjert seks dagar i veka med dette, gjerne sju dagar når det også er stemne.

- Vi har fått eit svært flott rehabilitert anlegg. Det er både reint og vakkert, seier Malin.

Malin Moldekleiv Dahle
Malin Moldekleiv Dahle

Styreleiar i Vestkantsvømmerne, Ivan René Skorjanc sparar heller ikkje på superlativa denne dagen.

- Dette er fantastisk. Når basseng vert oppgradert, er det vanlegvis flikking det er snakk om. Her har Fjell kommune pussa opp absolutt alt og gjort ein formidabel jobb. Eg har sett anlegget også i kjellaren, og eg svært godt nøgd. Det nesten som julaftan, seie Skojanc.

Styreleiaren er overtydd om at eit nytt anlegg som dette vil vera positivt for rekrutteringa. Vestkantsvømmerne har om lag 200 aktive og har 1 200 barn og unge på kurs. Til junior-NM i Asker neste helg i stiller Vestkantsvømmerne med 11-12 deltakarar.

Rektor Eigil Nødtvedt som har symjehallen vegg i vegg med skulen smilte breitt denne laurdagen.

- Tre barneskular, Landro, Knappskog og Ågotnes i tillegg til Tranevågen skule, soknar til denne symjehallen. Dermed får 1 200 elevar symjeopplæring her. Hallen er i bruk opp til 12 timar kvar dag seks dagar i veka, seier Nødtvedt.

Arne Monsen hjå Eigedomssjefen opplyser at hallen er universelt utforma. Hallen er 12,5 x 25 meter og har seks banar med ein tribunekapasitet på 150 – 200. Rehabiliteringa har omfatta nytt flisa bassengområde, nytt basseng utforma med stålplater og duk, nye startpallar, nye glas med solskjerming, fornya innvendige vegger, nye benker, opprusta vaktrom og nye overvakingssystem for vaktpersonell. I tillegg kjem eit omfattande opprusta teknisk anlegg i underetasjen.

Tekst: Vigleik Brekke
Foto: Vigleik Brekke, Marianne Sandahl Bjorøy

Her er fleire bilete frå opningsdagen

 


Publisert: 10.11.2018 16:19
Sist endret: 10.11.2018 16:33