Facebook ikon Twitter logo Print side

Opna sansehagen på Straume- bu og servicesenter

I dag var det fest med vafler, kaffi, snorklipping, tale og song på Straume- bu og servicesenter. Grøntavdelinga hjå Eigedomssjefen har sidan mai arbeidd med å rehabilitera hagen ved senteret.

Frå venstre; Wenche Andersen, Audun Foldnes, Ragnhild Clausen og Jan Sem-Olsen.
Frå venstre; Wenche Andersen, Audun Foldnes, Ragnhild Clausen og Jan Sem-Olsen.

Det var naturleg nok gjevt for Audun Foldnes å få æra av å klippa snora. For å gjera det mest mogleg krevjande valde han å klippa der sløyfa var tjukkast, men det gjekk til slutt.

Fagleg leiar Astrid Geitle talte til dei frammøtte. Ho viste til at hagen etter kvart har vakse til og vore lite innbydande.

- No har vi kikka på greie arbeidarar og dei endringane dei har fått til. Takk til alle som har arbeidd her, sa Astrid og fekk straks kommentar frå ein av bebuarane at det var særleg kjekt å sjå på arbeidarane.......

- Og til våren kan vil laga til teltliv her slik dei gjorde det på 50-60-talet, sa Geitle og vedgjekk at dei har gått på epleslang i hagen til sjukeheimen, men at det ikkje er nødvendig lenger. Musikkterapeut Sandra S. Thorstensen gledde dei frammøtte med song og musikk.

Anleggsgartnar Jan Sem-Olsen fortel arbeidarane har reingjort belegningsstein, fjerna og klipt buskar og kratt. Det er også lagt ny jord og rulla ut plen.

- No har vi lagt til rette for at bebuarane får betre utgang til hagen, seier Sem-Olsen.

Astrid Geitle spanderer vafler på Kjell Jansen.
Astrid Geitle spanderer vafler på Kjell Jansen.

Bebuar Kjell Jansen seier at det har vore mykje å gjera her.

- Ja, eg vil godkjenna arbeidet som er utført her, seier han.

Wenche Andersen er mest oppteken av korleis fotografia skal nyttast.

- Berre bruk bileta av oss. Vi er jo så PR-kåte, sa Wenche då ho forstod at bileta skulle leggjast ut på nettsida til Fjell kommune.

Tekst og foto: Vigleik Brekke

Her er fleire bilete frå opninga:

Astrid Geitle

 

 


Sist endret: 25.09.2019