Facebook ikon Twitter logo Print side

Opna storstova i Øygarden

Det var eit etterlengta bygg som vart offisielt opna i Øygarden på onsdag. Ordførar Børge Haugetun var tydeleg på at realiseringa av Hjeltefjorden Arena på Rong markerer ein ny æra for både noverande Øygarden kommune og den nye kommunen.

Dei tre ordførarane, frå venstre Kari-Anne Landro (Sund), Børge Haugetun (Øygarden) og Marianne Sandahl Bjorøy (Fjell) gjennomførte snorklippinga i fellesskap. Til høgre; Ottar Vik.
Dei tre ordførarane, frå venstre Kari-Anne Landro (Sund), Børge Haugetun (Øygarden) og Marianne Sandahl Bjorøy (Fjell) gjennomførte snorklippinga i fellesskap. Til høgre; Ottar Vik.
 
I Øygarden handlar det om idrett og kultur heile veka. På tysdag var det opning av Toftøy idrettsbane. På onsdag var det opning av ein topp moderne fleirbrukshall plassert sentralt på Rong nær skular og institusjonar. Heilt fram til sundag vert det ei rekkje arrangement knytt til den nye fleirbrukshallen. Snorklippinga vart gjennomført av dei tre ordførarane i regionen i fellesskap.

- Dette er eit storslagent bygg. Vi hadde ikkje råd til å byggja ein idrettshall dei første åra eigedomsskatten kom. Det har tatt noko tid for å få realisert hallen, men det var vel verdt å venta, sa Haugetun og viste til at denne hallen skal koplast opp mot den nye symjehallen som venteleg vil stå klar til bruk i desember 2019. Leiar i utval for drift og samfunnsutvikling, Ottar Vik, var ikkje snauare enn at han lova at symjehallen skal opnast den 15. desember 2019 kl. 16.00!

Magnus Oen (93) er ein av dei nolevande som veit mest om Øygarden kommune heilt tilbake frå «fødselen» i 1964. Han sat i kommunestyret i tre periodar og var medlem i formannskapet frå januar 1964. Han har også ein periode bak seg som varaordførar. Han opplevde det stort å få vera med på markeringa.

- Dette er stort. Vi kunne ikkje drøyma om noko slikt vi opplever i dag. Eg håpar hallen vert til nytte for den oppveksande slekta, seier den spreke 93-åringen.

Store investeringar på Rong

Prislappen for Hjeltefjorden Arena er 85 millionar kroner. Hallen er på 2 850 kvadratmeter, medan golvflata på 1 125 kvadratmeter held standardmåla for handballbane. Hjeltefjorden Arena har kapasitet til arrangement med 700 personar. I tillegg til hovudhallen er det garderobar, kantine, møterom, kontor, buldrerom for klatring og treningsrom med vekter o.l. Remi Oen, som leiar utval for levekår er oppteken av at hallen kan bidra til god folkehelse. Mellom mange brukarar av den nye hallen er elevane på Øygarden ungdomsskule.


Korsong ved elevar og lærarar på Blomvåg skule.

I løpet av nokre dagar har Øygarden markert opning av nye bygg og anlegg for 150 millionar kroner når vi inkluderer nybygg på Rong skule som vart markert ved skulestart i midten av august. Ottar Vik meiner at det dei siste tiåra er investert for nærare eín milliard kroner i Rong-området.

Brødrene Ulveseth var totalentreprenør for bygginga av Hjeltefjorden Arena. Styreleiar Atle Ulveseth var stolt over å få gjennomføra prosjekt i Øygarden.

- Kommunen likar å byggja med kvalitet. Vi likar å gjennomføra prosjekt her, og det har vore eit godt samarbeid med kommunen. Vi har i stor grad brukt lokale underentreprenørar, sa Ulveseth før han overleverte ein hjartestartar til ordføraren som gåve til kommunen.

Byggjeleiar Andreas Kårbø i Øygarden kommune har på to dagar runda av to store prosjekt, Toftøy idrettsbane og Hjeltefjorden Arena.

- Det har vore ei stor ære å få leia dette prosjektet. Vi har vore eit godt team, sa Kårbø. Han takka kollega Jon Ivar Friborg, arkitekt og representantar frå Asplan Viak og Brødrene Ulveseth.

God møteplass

Aud Karin Oen, som kjem frå Øygarden og som både sit i kommunestyret der og i fylkestinget, gratulerte på vegner av fylkeskommunen.

- Vi er glade for at hallen er plassert sentralt på Rong. Det sikrar god bruk. Dette vert ein viktig møteplass for organiserte og eigenorganiserte aktivitetar, sa Oen.

Rådmann Siri Fahlvik Pettersen viste til at dette prosjektet er godt forankra i planverket i kommunen.

- Både det nye anlegget på Toftøy og dette anlegget legg til rette for gode møteplassar for fysisk utfolding , leik og moro. Visjonen til Øygarden er å byggja bruer mellom folk. No byggjer vi ny kommune, og denne hallen er ei god medgift å ta med inn i dette «ekteskapet», sa rådmannen før ho siterte frå Halldis Moren Vesaas; Og den som er rik vil ha seg eit hus som er såleis bygt at alle som høyrer til huset kjenner det godt og trygt, og såleis at framande gjerne kjem innom dørene der og auker den rikdom som finst der før med alt det dei sjølve er.

 

I tillegg til korsong frå elevane på Blomvåg skule, skapte musikantane Trygve Hellesen og Rune Hagen ei flott ramme for markeringa i Hjeltefjorden Arena.

Tekst: Vigleik Brekke
Foto/Video: Jøran Ingvaldsen

Her er fleire bilete frå opninga:

Ottar VikBørge Haugetun og Ottar VikBørge Haugetun Remi OenTrygve HellesenAndreas Kårbø takkar arkitekt hjå Asplan Viak, Linn Therese McconnachieAndreas Kårbø takkar representantar frå Asplan Viak. Frå venstre; Per Ivar Nyhammer, Kårbø, Linn Therese Mcconnachie og Ida Therese Langøen. Frå venstre; Andreas Kårbø, Jimmi Håkonsen (Brødrene Ulveseth) og Karstein Midtveit (Brødrene Ulveseth).Børge Haugetun og Atle UlvesethBørge Haugetun og Aud Karin OenKulturleiar Christel Møvik-Olsen introduserer koret frå Blomvåg skule.Rådmann Siri Fahlvik Pettersen rundar av opningsmarkeringa.Ordførarar og varaordførarar samla på eitt breitt. Frå venstre bak: Rolv Svein Rougnø (Øygarden), Marianne Sandahl Bjorøy (Fjell), Olav Martin Vik (Øygarden), Atle Dåvøy (Øygarden), Åse Gunn  Husebø (Øygarden), Anne-Grethe Solbakk (Øygarden), Kari-Anne Landro (Sund), Ottar VIk (Øygarden), frå venstre framme; Magnus Oen (Øygarden), Børge Haugetun (Øygarden) og Kjell Alvheim (Øygarden).

 

 

 


Publisert: 22.08.2018 18:42
Sist endret: 22.08.2018 19:10