Facebook ikon Twitter logo Print side

Opna utbetra veg på Litlesotra

Torsdag føremiddag vart det markert at den utbetra vegen mellom Ankerhagen og Gamle Straumssundet bru er klar til bruk. Det var ordførar Marianne Sandahl Bjorøy som klipte snora og erklærte vegen for klar til bruk.

Ordførar Marianne Sandahl Bjorøy klipper snora for å markera at utbetringa av vegen er fullført.
Ordførar Marianne Sandahl Bjorøy klipper snora for å markera at utbetringa av vegen er fullført.

- Denne vegstrekninga var eit viktig rekkjefølgjekrav knytt til etableringa av Straume sjøfront. No vert det lettare for mjuke trafikantar å bevega seg trygt langs vegen. Denne flotte strekninga med opphøgd fortau er den første av fleire som no er ferdig. Reguleringsplanen for fortau rundt Bildøyna frå Gamle Straumssundet bru til Bildøy bru, er vedteken, og arbeidet startar opp våren 2019, seier ordføraren som også vil takka Veidekke for tolmod og gjennomføringsevne og Sartor Maskin for flott arbeid.

På markeringa i dag var både Veidekke som har totalentreprise på Straume sjøfront og vegprosjektet, underentreprenør Sartor Maskin, og fleire frå leiinga i Fjell kommune på plass.

- Arbeidet med vegprosjektet har gått heilt etter planen. Vi er også glade for at naboane har vore tolmodige medan arbeidet har gått føre seg, seier Ørjan Hatlevik som er anleggsleiar for Veidekke. Innehavar av Sartor Maskin, Kåre Bjorøy, seier at det var til god hjelp at vegen over Gamle Straumssundet bru har vore stengt på forsommaren for grunnundersøkingar. Brua vert opna for trafikk i løpet av helga.

Breiare veg og opphøgd fortau

Bildøyvegen har frå gamalt av knytt Litlesotra og Sotra saman, og når den nye riksveg 555 vart bygd, vart vegen nedklassifisert til kommunal veg. Mange elevar nyttar denne vegen til og frå skuleanlegget på Bildøyna, og det er kjærkome at det no er på plass opphøgd fortau på 2,5 til tre meter og vegbreidde på seks meter på denne strekninga. Totalkostnaden for vegprosjektet er 14 millionar kroner. Finansieringa har vore fordelt mellom rekkjefølgjekrav til Straume sjøfront og ei statleg tiltakspakke som Fjell kommune fekk i 2017.

Vegen har ei breidde på seks meter. Fortauet er mellom 2,5 og tre meter.
Vegen har ei breidde på seks meter. Fortauet er mellom 2,5 og tre meter.

Samstundes som den utbetra vegen er på plass, har Straume sjøfront teke i bruk 58 husvære i to blokker. Til husværa er det knytt til parkanlegg, garasje, og fellesområde. Ørjan Hatlevik i Veidekke opplyser at kostnaden med denne delen av Straume sjøfront er om lag 180 millionar kroner. Etter kvart skal Straume sjøfront i dei neste fasane byggja ut området mellom dei ferdige huskompleksa og riksveg 555.

Prioriterer trafikksikring

Her er deltakarane på markeringa i dag. Frå venstre; Wilhelm Anglevik (skulesjef), Lennar Fjell (kultursjef), Leidvin Aakre (Plan- og eigedomssjefen), Rune Jonassen (Sartor Maskin), Bjørn Ove Hetlevik (Sartor Maskin), Therese Skårnes Borgen (Plan- og eigedomssjefen), Marianne Sandahl Bjorøy (ordførar), Bjørn Erik Kristiansen (fungerande rådmann), Ørjan Hatlevik (Veidekke), Arild Bøthun (Sartor Maskin), Terje Dolvik (Plan- og eigedomssjefen og Kåre Bjorøy (Sartor Maskin).
Her er deltakarane på markeringa i dag. Frå venstre; Wilhelm Anglevik (skulesjef), Lennart Fjell (kultursjef), Leidvin Aakre (Plan- og eigedomssjefen), Rune Jonassen (Sartor Maskin), Bjørn Ove Hetlevik (Sartor Maskin), Therese Skårnes Borgen (Plan- og eigedomssjefen), Marianne Sandahl Bjorøy (ordførar), Bjørn Erik Kristiansen (fungerande rådmann), Ørjan Hatlevik (Veidekke), Arild Bøthun (Sartor Maskin), Terje Dolvik (Plan- og eigedomssjefen) og Kåre Bjorøy (Sartor Maskin).

Ordførar Marianne Sandahl Bjorøy viser til at Fjell kommune prioriterer arbeidet med trafikksikring og at det skal verta tryggare og lettare å bruka sykkel enn tilfellet er i dag.

- I området nord for Straume sentrum arbeider vi med gang- og sykkelsti langs Foldnesvegen. Både den strekninga og den traséen som er fullført no, vil hjelpa til at regionsenteret vert knytt saman med gang- og sykkelstiar og fortau, seier ordføraren. Ho viser også til sykkelbyavtalen som skal stimulera til styrkja sykkelsatsing og bidra til betre miljø og folkehelse.


Tekst og bilete: Vigleik Brekke

Her er fleire bilete frå markeringa:

Her er bilete frå anleggsperioden (fotograf: Ståle Fjell)

 

 

 


Publisert: 05.07.2018 14:05
Sist endret: 05.07.2018 14:23