Facebook ikon Twitter logo Print side

Opningsfest i strålande sommarvér

Stemninga var på topp hjå liten og stor på Bjorøy skule i dag. Ordførar Marianne Sandahl Bjorøy, som sjølv bur på Bjorøyna, kunne litt over klokka 12 i dag stolt saman med elev Leonora Olea Wilhelmsen ( 5. klasse) og komitéleiar Ernst Einarsen klippa snora for å markera tilbygg og ombygging av Bjorøy skule.

Ordførar Marianne Sandahl Bjorøy og Leonora Olea Wilhelmsen stod for snorklippinga.
Ordførar Marianne Sandahl Bjorøy, komitéleiar rnst Einarsen og femteklassingen Leonora Olea Wilhelmsen stod for snorklippinga.

Går vi seks - sju år tilbake låg det føre forslag om å leggja ned Bjorøy skule. I dag kan dei 123 elevane nyta eit topp moderne skuleanlegg godt rusta for framtida.

- Det var diskusjon om det var behov for dette. Når vi fann midlar til dette, vart eg svært glad. Spørsmålet om også skuleplassen kunne opprustast dukka også opp. Men så veit vi at prosjektleiar Eirik Milde er oppteken av både kvalitét og heilskap, sa ordføraren som dermed også kan gle seg over flott uteområde med leikeapparat. Ho understreka også at undervisning like ved byggjearbeid krev planlegging, kløkt og samarbeid.

Skuleåret 2018/2019 var naturleg nok krevjande når det skulle undervisast med berre nokre meters avstand til byggjearbeidet. For å få dette til, fekk mellomsteget (5.-7. klasse) undervisninga på Liljevatnet skule, medan dei minste gjekk på Bjorøy skule.

Gler seg over ny skule

Sjetteklassingane Johanna Bjorøy og Silje Wergeland er glade for at skulen no er klar for bruk. Dei har det siste året reist til Liljevatnet skule med buss.

Alle elevane fekk is. Her er Silje Wergeland og Johanna Bjorøy.
Alle elevane fekk is. Her er Silje Wergeland og Johanna Bjorøy.

- Det har gått greitt. Vi har heller ikkje kome for seint til bussen, forklarar dei. Dei opplever at det har vore kjekt å verta kjent med nye elevar. Det har gått fint med å få undervisninga saman med elevane på Liljevatnet skule, seier dei.

Kva likar du best med den nye skulen?

- Eg likar best at vi har fått nye klasserom, seier Silje. Johanne tykkjer også at klasseromma er flotte i tillegg til at det er god utsikt.

Ved opninga gledde ordføraren seg over at det ikkje er registert klager i eit skuleår der nokre elevar har fått undervisninga på ein annan skule, medan dei andre elevane har hatt undervisning vegg i vegg med byggjearbeid.

- Eg har ikkje høyrt eit ord om at nokon av elevane ikkje har nådd bussen til skulen. Eg har heller ikkje høyrt klage frå dei elevane som har gått her, sa Sandahl Bjorøy. Ordføraren har tidlegare hatt to barn som har gått på Bjorøy skule, og om ikkje lenge skal hennar to barnebarn gå på denne skulen.

Mange var der

I tillegg til ordføraren var varaordførar Tom Georg Indrevik og leiar i komité for drift og forvaltning, Ernst Einarsen, på plass. Fungerande skulesjef Rune Golf og kommunalsjef for Oppvekst i Nye Øygarden kommune, Anne-Merete Vabø Haugane var der også i tillegg til representantar frå Eigedomssjefen, arkitekt Rambøll med Torill Tverberg i spissen, totalentreprenør Åsane Byggmesterforretning AS med mellom anna Tor-Ivar Humborstad, og sjølvsagt, prosjektleiar i Fjell kommune Eirik Milde.

Rektor Renate Fagerbakke smilte som ei sol i det gode véret i dag. Ho takka politikarane for at dei valde å satsa på skule på Bjorøyna og la til rette for at skulen skal verta eit hjarta for bygda.

- Er det nokon som saknar den gamle skulen, spurte ho elevane?

- Nei, var det unisone svaret frå elevane.

Rektor Renate Fagerbakke takka arkitekt, entreprenør og prosjektleiar for godt samarbeid og den fargerike skulen dei har fått.

- Året har gått over all forventing, takka vera det gode samarbeidet. Takk til alle som jobbar her på skulen når det rista i vekker og bakke og til lærarane som tok seg av undervisning på Liljevatnet skule! Eg vil også takka foreldra med FAU i spissen. Dei hjelpte til i staden for å klaga. Kanskje aller mest skal vi takka dykk elevar som har vore utruleg tolmodige og aldri klaga. No må vi visa at vi fortener denne skulen og tek vare han, sa rektoren og takka prosjektleiar Eirik Milde som både har stor røynsle og evne til å vera tydeleg.

Elevane gledde dei frammøtte med korsong, mellom anna Bjorøysongen.
Elevane gledde dei frammøtte med korsong, mellom anna Bjorøysongen.

Teiknekonkurranse

Komitéleiar Ernst Einarsen fekk saman med ordføraren vera med på å hylla vinnaren av teiknekonkurransen på refleksvestane til elevane på Bjorøy skule. Vinnaren vart snorklippar Leonora i femte klasse. Elevane lova Einarsen at dei skulle bruka vestane.

Fungerande skulesjef Rune Golf overrekte eit Stjernemagnolia-tre.

- Etter kvart dukkar det opp mange kvite stjerner på treet. Her er det mange flotte stjerner som må verta godt tekne var på. Ta godt vare på bygget og kvarandre, sa Golf.

Tilbygg og ombygging av Bjorøy skule har omfatta riving av gamleskulen, utviding av skulen mot bedehuset og idrettsplassen, opprusting av gamleskulen og opparbeiding av uteareal, alt med universell utforming.

Litt fakta

Dette gjev mellom anna nye moderne klasserom for alle klassestega, kontorarbeidsplassar for lærarane og nytt uteareal med leikeapparat. Arbeidet riving av gamleskulen tok til i mai 2018, og prosjektet var fullført til skulestart august 2019. Skulen (1-7) vert dimensjonert for inntil 150 elevar. Hovudbygget har lokale for grendahus der Bjorøy og Tyssøy grendalag har råderett og vedlikehaldsplikt.

 Foto: Kjell Andersland
Foto: Kjell Andersland

Prosjektet har ei kostnadsramme på 50 millionar kroner ekskl. mva. Totalentreprenør var Åsane Byggmesterforretning AS, medan Rambøll AS har vore arkitekt. Eksisterande areal er på 1 580 kvadratmeter, medan tilbygget er på 1 470 kvadratmeter. Totalarealet vert dermed vel tre tusen kvadratmeter.

Tekst og foto: Vigleik Brekke

Her er fleire bilte frå opningsfesten

 Renate FagerbakkeMarianne Sandahl BjorøyErnst EinarsenI midten Leonora Wilhelmsen, vinnaren av teiknekonkurransenRepresentantar frå arkitekt Rambøll får blomar.Eirik MildeRune GolfRepresentantar frå Åsane Byggmesterforrenting ASTom Georg Indrevik var ivrig medhjelpar for å få delt ut is til alle elevane

 

 


Sist endret: 28.08.2019