Frå kurset i OLKWEB i går.
Den 4. september tok Fjell kommune imot lærlingane, og den same dagen hadde dei introduksjonskurs. Den 5. september var det kurs i brannvern, førstehjelp og ergonomi for lærlingane. Det er Øygarden brann og redning som stod for brannvernkurset. Det var Arsana som gav opplæring i ergonomi.
I går var det kurs for rettleiarane og lærlingane der dei fekk innføring i ny programvare, OLKWEB. Dette programmet er eit nettbasert verktøy for oppfølging, opplæring og administrasjon av lærlingar.
- Dette er ein god investering både for lærlingane og læreplassane i Fjell, seier lærlingkoordinator Evelyn Persson.
Fagleiarane var også til stades på samlinga i går. Frå venstre; Harald Polden (byggdriftarfaget), Kristine Melsbø (kontor og administrasjon), Nina Høiem (barne- og ungomdsarbeiarfaget), Hans Christian Nordhus (IKT-faget) og Bente Våge (helsfaget).
Tekst: Vigleik Brekke
Foto: Evelyn Persson og Vigleik Brekke
Her er bilete frå kursdagen 5. september
Sist endret: 12.09.2018