Facebook ikon Twitter logo Print side

Opplever vald og truslar som «normalt»

- Mange oppfattar vald og truslar på arbeidsplassen som ein del av kvardagen. Det sa seniorinspektør i Arbeidstilsynet, Evy Dale, då ho saman med kollegaer heldt rettleiingsmøte for om lag 60 medarbeidarar i Sund, Fjell, Øygarden og Askøy.

Evy Dale
Evy Dale

I alt har over 300 kommunar delteke på rettleiing eller motteke tilsyn. Arbeidstilsynet vil no forankra ansvaret for helse-, miljø- og tryggleiksarbeidet hjå rådmenn og andre aktuelle leiarar i rettleiingsmøte om førebygging av vald og truslar. På møtet i Fjell rådhus på onsdag delte Arbeidstilsynet resultat og erfaringar på nasjonalt nivå frå tilsyn om dette temaet. På møtet delte også kommunane sine erfaringar med vald og truslar på arbeidsplassen.

- Statistikk frå 2016 viser at 6,6 prosent av arbeidstakarane har opplevd vald og truslar i løpet av det siste året. Pleie og omsorg og undervisning er mellom dei særleg utsette gruppene. Mange oppfattar vald og truslar som ein del av kvardagen, sa Dale.

Arbeidstilsynet har gjennomført mange tilsyn av vald og truslar i kommunane. Berre i helse- og sosialsektoren vart det i perioden 2017 til 2019 gjennomført 928 tilsyn.

- I dei aller fleste tilsyna gjev vi reaksjonar på forhold som må betrast. Ofte er det mangel på kunnskap om korleis ein skal arbeida systematisk med helse, miljø og tryggleik, sa seniorinspektør Øyfrid Geiring. Også nasjonalkoordinator i Arbeidstilsynet, Edle Utaaker deltok på rettleiingsmøtet.

Øyfrid Geiring
Øyfrid Geiring

Leiaransvar

Arbeidstilsynet understrekar at det er rådmannen/administrasjonsleiaren som har hovudansvaret for det førebyggjande arbeidet. Verksemdsleiarane må utføra det praktiske arbeidet i samarbeid med verneombod og tillitsvalde. Erfaringane og kompetansen i helse- og sosialsektoren kan og bør overførast til andre delar av kommunen, til dømes i undervisningssektoren som også er utsett for vald og truslar.

Erfaringar frå kommunane

Rektor på Landro skule, Anita Vabø, orienterte om korleis det vert arbeidd med dette i skulen i Fjell. Mellom anna er det erfart at toleransen for uønskt åtferd aukar hjå lærarane og at det er auka tidsbruk for å handtera vald og truslar. Utageringa er fysisk, verbal og seksualisert.

Anita vabø

Margaret Alvsåker Ellingvåg, som er styrar på Kleppestø sykehjem, sa at det er ei utfordring å finna måtar å arbeida med dette temaet på. Det er også ei utfordring å definera kva som er vald og trussel.

Rådmann i Øygarden, Siri Fahlvik Pettersen, hadde med seg hovudverneombod Nils-Arthur Amundsen og personalsjef Helene Cesilie Møgster i deira presentasjon av temaet. Rådmannen understreka kor viktig det å hugsa på at det er snakk om straffbare forhold. Erfaringa i Øygarden er at når vald og truslar vert meldt til politiet vert det ofte lagt vekk (henlagt). Amundsen sa at ein ofte kjenner seg makteslaus i desse vanskelege situasjonane. Ifølgje Møgster er det til dømes mange lærarar som saknar å ha med folk i klasserommet for å kunna reflektera over det som har skjedd.

Rådmann i Sund, Rune Lid, sa at det er viktig å skapa ein kultur for at det er greitt å gje beskjed. Han opplevde at tiltak som fungerte godt i Sund var involvering av tilsette, forankring i leiinga, samarbeid med bedriftshelsetenesta og at det vert arbeidd godt «lokalt» på den enkelte tenestestaden.

Her kan du lesa presentasjonen til Arbeidstilsynet.

Tekst og foto: Vigleik Brekke

Her er fleire bilete frå rettleiingsmøtet:

 

Frå venstre; Siri Fahlvik Pettersen, Nils- Arthur Amundsen og Cesilie Møgster.Rune Lid

 

 

 

 


Sist endret: 23.10.2019