Facebook ikon Twitter logo Print side

Oppmodar elevane om å gå eller sykla til skulen

For femte året på rad inviterer Beintøft skulane til å vera med på gå-til-skulen-aksjon. I perioden 2. til 29. september kan barneskuleelevar (1.-7. klasse) over heile Noreg konkurrera mot kvarandre om å koma seg til og frå skulen på den mest miljøvennlege måten.

Ill.foto

Formålet med kampanjen er å inspirera til å la bilen stå ved å gå, sykla eller reisa kollektivt.
Årets hovudtema er «Gå saman for framtida!». Dette skal reflektera at barn over heile landet samlast om å gjennomføra eit tiltak for ein grønare kvardag. Undervegs i konkurransen vert det presentert eit nytt tema for kvar veke, med fleire oppgåver som skal løysast fellesskap.
Målet er at Beintøft skal både vera sosialt for klassen og eit godt tiltak for å betra luftkvaliteten, trafikktryggleiken, helsa og miljøet. De beste klassene vinn fine premiar.

Fungerande skulesjef Rune Golf er positiv til tiltaket.

- Dette er eit positivt tiltak for både folkehelse og miljø, seier Golf.

Her kan du lesa meir om konkurransen og for å melda på klassen.


Tekst: Vigleik Brekke
Foto: Melisa Fajkovic


Sist endret: 12.08.2019