Facebook ikon Twitter logo Print side

Oppmodar folk å vaksinera seg

Folkehelseinstituttet (FHI) oppmodar vaksenbefolkninga til å ta oppfriskingsvaksine mot difteri, stivkrampe, kikhoste og polio. Det vert også tilrådd å ta vaksinasjon mot meslingar dersom ein er usikker på vaksinasjonsstatus når det gjeld denne sjukdomen.

Foto: Pixabay

Smittevernlege i Fjell, Jens Eikås, seier at auka reiseverksemd i befolkninga og auka innvandring frå område der det mellom anna er poliomyelitt, gjer det nødvendig å oppmoda folk til å vaksinera seg på nytt.

Dette kan du gjerne gjera i samband med legebesøk hjå fastlege eller ved Reisevaksine, Helsetjenester Vest, Straume. Dette gjeld vaksine mot poliomyelitt, stivkrampe, kikhoste og difteri. Vaksinen heiter «Boostrix Polio». Det er tilrådd å ta denne vaksinen kvart 10. år.

Om du er usikker på om du har hatt meslingar eller om du er vaksinert mot denne sjukdomen, er det tilrådd at du også tek MMR-vaksine.

I Sund er det også mogleg å få desse vaksinane på helsestasjonen i Skogsskiftet.

Du kan lesa meir om dette på nettsida til Folkehelseinstituttet under «Oppfriskingsvaksinasjon for vaksne». 

Vaksinar er reseptpliktige legemidlar og må rekvirerast av lege.


Sist endret: 19.06.2019