Facebook ikon Twitter logo Print side

Start for Sotrasambandet: - Vil ta omsyn til naboane

I juni startar arbeidet med å byggja kabeltunnelar mellom Breivik i Bergen og trafostasjonen på Litlesotra. Dermed er arbeidet med rv 555 Sotrasambandet i gang. Onsdag kveld var det folkemøte i Fjell rådhus. 25 personar møtte opp for å få siste nytt om prosjektet.

Andreas Ekerhovd ville gjerne vita litt meir. frå venstre; Jane Furnes, Espen Hammersland, Gunnar Gjæringen (bak) og Kenneth Rott.g
Andreas Ekerhovd (til høgre) ville gjerne vita litt meir. Frå venstre; Jane Furnes, Espen Hammersland, Gunnar Gjæringen (bak) og Kenneth Rott. - Eg trur dette går bra og at aktørane har kompetanse til å gjennomføra prosjektet, seier Kenneth Rott.


Naboar som bur nær anleggsområdet er naturleg nok opptekne av i kva grad dei vil oppleva ulemper knytt til støy og risting ved sprenging ved bygging av kabeltunnelane.

- Vi vil gjera det vi kan for at det skal skje minst mogleg skader, sa byggjeleiar i Statens vegvesen, Gunnar Gjæringen. Ved sprenging vil ein ta omsyn til omgjevnadene og grunnforholda. Det er mogleg å abonnera på sms-varsel før kvar sprenging.

Ettersom den nye brua skal byggjast i same trasé som høgspentlinja (300 kv), må høgspentlinjer (300 kv og 132 kv) leggjast om. Det skal byggjast tunnel for kabelen mellom Breivik i Bergen og trafostasjonen på Litlesotra. I den første perioden skal det byggjast totalt 2,3 kilometer med tunnel med start i juni 2018 og planlagt avslutning innan utgangen av 2019. Arbeidet med å leggja til rette for kabling i fagverket under vegbana på eksisterande sotrabru skal vera avslutta i august 2019.

Seniorrådgjevar i BKK, Jane Furnes, opplyste at BKK startar arbeidet med å leggja kabel mellom Breivik og Litlesotra første kvartal 2020. Arbeidet på brua skjer på undersida av vegbana, og trafikken vert svært lite ramma av arbeidet som skal gjennomførast på brua. Trafikken vert også i liten grad påverka av arbeidet med å byggja tunnelar for kablane. Eksisterande kraftlinjer vert rivne fjerde kvartal 2020.

400 grunnerverv

Prosjektleiar for Sotrasambandet, Espen Hammersland i Statens vegvesen, orienterte generelt om Sotrasambandet. Stortinget gjorde den 15. mai endeleg vedtak om å realisera Sotrasambandet som OPS-prosjekt (OPS: offentleg- privat-samarbeid). I det første byggjesteget skal det byggjast ny firefelts veg med start fjerde kvartal 2020 og avslutning 2024/25, medan andre byggjesteg omfattar lokalvegsambandet med planlagt fullføring 2026/27.

Statens vegvesen skal gjennomføra om lag 400 grunnerverv i samband med bygging av Sotrasambandet på strekninga mellom Storavatnet i Bergen og Kolltveit i Fjell. Dette omfattar alt frå heile eigedomar til mindre stripeerverv. Arbeidet med grunnerverv vert gjennomført i 2018 og 2019. Det vert også gjennomført kartlegging og tiltak for å redusera ulemper med støy for bebuarar langs vegsambandet.

Dei som møtte opp på folkemøtet onsdag kveld var mellom anna opptekne av støy knytt til anleggsarbeidet. Det kom også oppmoding om å ta omsyn til barn som nyttar lekeplass og fotballbane i området.

Også prosjektleiar hjå Bertelsen & Garpestad var til stades på folkemøtet. Hans selskap har kontrakten for bygging av kabel-tunnelane.

Les meir om Sotrasambandet på nettsida til Statens vegvesen.


Tekst og foto: Vigleik Brekke

 

 

 

 


Publisert: 30.05.2018 21:03
Sist endret: 30.05.2018 21:21