Facebook ikon Twitter logo Print side

Ordføraren gratulerer Nest-Sotra med opprykk

Etter at Nest-Sotra slo Hønefoss borte laurdag ettermiddag, er det klart at laget frå Sotra spelar i 1. divisjon neste år. Laget enda opp med 54 poeng i 2. divisjon og betre målforskjell enn Notodden.

Neste sesong er det klart for 1. divisjonsfotball på Ågotnes stadion
 Neste sesong vert det 1. divisjonsfotball på Ågotnes stadion.

Ordførar Marianne Sandahl Bjorøy er imponert over det Nest-Sotra har makta denne sesongen.

- Eg gratulerer Nest-Sotra med opprykk. Det er imponerande kva dette laget maktar å prestera med små midlar. Nest-Sotra har tidlegare vist at laget kan hevda seg godt på det nest høgste nivået i norsk fotball, og no ser vi fram til neste sesong, seier ordføraren.

Nest-Sotra spelte i Obos-ligaen (1. divisjon) i sesongane 2014 og 2015. Etter to sesongar i 2. divisjon, er laget tilbake i langt meir attraktive Obos-ligaen. Framfor 2014-sesongen vart Ågotnes stadion oppgradert til 1. divisjonsspel.


Tekst: Vigleik Brekke
Foto: Kjell Andersland


Publisert: 21.10.2017 15:57
Sist endret: 21.10.2017 16:03