Facebook ikon Twitter logo Print side

Ordføraren oppmodar oss til å bruka kommune-appen

Med tre – fire lette trykk på mobiltelefonskjermen kan du senda inn søknad om barnehageplass om du lastar ned appen til Fjell kommune.

Otdførar Marianne Sandahl Bjorøy

Ordførar Marianne Sandahl Bjorøy har ikkje tenkt å søkja om barnehageplass, men er meir interessert i å finna meir ut av dei mange turløypene i Fjell. På appen er det god informasjon om 13 turløyper med kart, bilete og tekst. Dette er eitt av mange døme på informasjon på appen.

- Eg trur ikkje folk er klar over kor mykje informasjon du kan finna om tenestene i Fjell på denne appen. Du finn ikkje berre informasjon om opningstider på biblioteket, kart, planar, skulerute og prisar og gebyr. Det er lagt inn sjølvbetjening, og dei som til dømes har bruk for barnehage eller SFO-plass, kan senda inn søknaden frå mobiltelefonen, seier ordføraren.

Fjell kommune ønskjer på denne måten å gjera det enklare for deg som innbyggjar. I tillegg til at du kan finna det meste av kommunal informasjon, får du automatisk nyheiter frå nettsida til Fjell. Dersom du vil, får du eit lite «pling» når nye saker vert publisert på nettsida.

Søk på Fjell kommune app i Appstore eller Google Play så får du fram appen med kommunevåpenet til Fjell kommune.

Her er døme på informasjon og sjølvbetjening på appen til Fjell kommune

  • Ledig stilling
  • Politikk, innsyn
  • Barnehageplass
  • Bibliotek
  • Bytta fastlege
  • Helsestasjon
  • Lag og foreningar
  • SFO-plass
  • Skal du byggja?
  • Sotra legevakt
  • Trafikkamera
  • Turløyper

Bilete frå appen

Her finn du oversikt over kva du kan finne av informasjon i appen. Oversikt over kategoriar du kan sette som favorittarSetter du ein kategori som favoritt, vil du motta varsel når det er lagt ut ein ny sakHer kan du sjå nyhende du har som favorittar, eller alle nyhende i appenSjølvbetjening - nyttig informasjon med snarveg til blant anna portalen til Fjell kommune

Tekst: Vigleik Brekke


Publisert: 13.11.2017 12:00
Sist endret: 13.11.2017 12:27