Facebook ikon Twitter logo Print side

Ordføraren snakka om satsing på lærlingordninga

På nyttårsmøtet til fylkesordføraren i går hadde Fjell-ordførar Marianne Sandahl Bjorøy innleiing om den strategiske satsinga på lærlingordninga i Fjell.

Ordførar Marianne Sandahl Bjorøy (arkivfoto)
Ordførar Marianne Sandahl Bjorøy (arkivfoto)

Det eine av to hovudtema på samlinga i Bergen var korleis ein skal sikra rett dimensjonering og kapasitet i yrkesfaget. Det var mellom anna innlegg ved regiondirektør i NHO Vestlandet, Tom Knudsen, og fagopplæringssjef i Rogaland fylkeskommune, Torbjørn Mjeldstad.

Fjell kommune har i mange år teke imot om lag 40 lærlingar kvart år. Då nedgangstidene i oljesektoren vart svært synlege, erfarte Fjell kommune at næringslivet reserverte seg noko mot å ta imot lærlingar. Det vart vanskeleg å skaffa nok lærlingplassar og arbeidsløysa blant unge auka urovekkande sterkt.

- Så kva kunne vi som kommune gjera med dette. Vi måtte starta med oss sjølv. Sjølv om vi ikkje kan tilby dei sama faga som næringslivet generelt kan, så kan vi tilby læreplassar i fag som er attraktive og som det vil vera behov for i framtida. For oss politisk vart dette ei viktig satsing å gje unge høve til å ta fagbrev. Dette var eit viktig steg på vegen mot arbeidslivet, Rådmannen sette eit måltal om 100 lærlingar, sa Marianne Sandahl Bjorøy til kommunetoppane på nyårsmøtet til fylkesordføraren i går.

Margrethe Johnsen og Malene Skansen var blant dei lærlingane som starta i Fjell hausten 2017.
Margrethe Johnsen og Malene Skansen var blant dei nye lærlingane i Fjell hausten 2017

Fjell kommune gjev tilbod om lærlingplassar i seks fagområde. Dette er byggdrift, IKT, helsefag, barne- og ungdomsarbeidar, kontor- og administrasjon og institusjonskokk. Kommunen vurderer også å gje tilbod om fagbrev innan idrettsanleggfaget.

- Eg er stolt over kva vi har fått til på lærlingsida. Ikkje alle får jobb i Fjell kommune når læretida er over, men dei skal vera trygge på at vi har gjort alt for at dei har fått ein best mogleg opplæring slik at dei trygt kan gå ut i samfunnet med ein kunnskap og eit fagbrev i handa som vil gje dei ein jobb dei kan trivast i og leva av, sa ordføraren.


Tekst og foto: Vigleik  Brekke


Publisert: 04.01.2018 09:37
Sist endret: 04.01.2018 09:43