Facebook ikon Twitter logo Print side

Ordføraren tok imot stafettpinne frå Noregs Mållag

På torsdag i sist veke var Noregs Mållag og Norsk Målungdom på nynorskstafett i Fjell. Dagen i Fjell vart avslutta ved at ordførar Marianne Sandahl Bjorøy tok imot den raude stafettpinnen frå informasjons- og organisasjonskonsulent Hege Lothe.

Innhold

Fant du det du lette etter?

Takk for din tilbakemelding

hva forsøkte du å finne?


Ordføraren tek imot stafettpinnen frå Noregs Mållag. Frå venstre; Hege Lothe, Live Havro Bjørnstad (prosjektmedarbeidar i Hordaland Mållag, Olai Otterå (leiar i Sotra Mållag) og Marianne Sandahl Bjorøy.
Ordføraren tek imot stafettpinnen frå Noregs Mållag. Frå venstre; Hege Lothe, Live Havro Bjørnstad (prosjektmedarbeidar i Hordaland Mållag, Olai Otterå (leiar i Sotra Mållag) og Marianne Sandahl Bjorøy. Også nestleiar i Norsk Målungdom, Elise Tørving, deltok på møtet med ordføraren.

Representantane frå målrørsla brukte dagen i Fjell godt og fekk møta leiinga på fleire skular og barnehagar. I samband med  Nynorskstafetten reiser Noregs Mållag dette året til 17 kommunar i løpet av tre veker i haust, og denne gongen var Sund, Fjell, målet for besøket i regionen vår. Mållaget har i denne runden også besøkt Askøy, Bergen, Vaksdal og Voss.

I Hordaland er det 30 kommunar med nynorsk som administrasjonsmål, medan tre av dei (Bergen, Askøy og Odda) er nøytrale. Hege Lothe understreka at nynorskkommunane er sjølve grunnmuren for nynorsken. Representantane frå målrørsla var opptekne av korleis det vert arbeidd med språk og ikkje minst nynorsk i barnehage, skule, administrasjon og vaksenopplæringa.

Ordførar Marianne Sandahl Bjorøy orienterte om status for språkarbeidet i Fjell. Fjell kommune har eigen målbruksplan og gjennomfører fleire tiltak knytt til språk som til dømes «Stolt av eige språk» hjå Skulesjefen og skiltfornyingsprosjekt. Fjell kommune har jamleg kontakt med Sotra Mållag. Mållaget lokalt har i fleire år gjeve støtte til nynorsk barnelitteratur for barnehagane.

Fjell kommune er medlem i Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK).


Tekst og foto: Vigleik Brekke


Publisert: 10.11.2017 14:33
Sist endret: 10.11.2017 14:48