Facebook ikon Twitter logo Print side

Orienterte om kommunereformarbeidet

- Gjennom dialog og møte ønskjer vi å skapa ei felles forståing for kva oppgåver og utfordringar vi har framfor oss i arbeidet med å slå saman tre kommunar til Nye Øygarden kommune. Dette var oppsummeringa til prosjektleiar Paul Manger då han møtte kommunestyret og den admnistrative leiinga i Fjell kommune på budsjett- og strategisamlinga på Flesland på tysdag denne veka.

Paul Manger
Paul Manger

I innlegget tok Manger utgangspunkt i intensjonsavtalen vedteken i juni 2016 som er utgangspunktet for alt som skal gjerast i kommunereformarbeidet. Han refererte til «milepelsplanen» som viser progresjonen for arbeidet med politisk organisering, arbeidsgjevarspørsmål, IKT/digitalisering, sak/arkiv, administrativ organisasjonsmodell og informasjon/kommunikasjon.

Han er oppteken av at det vert gjeve god informasjon der målgruppene er innbyggjarane og dei tilsette.

- På nyåret ser eg for meg at vi gjennomfører eit arrangement som skapar blest om kommunereforma. Det er også aktuelt å gjennomføra eit framtidsseminar i mai 2018 som kan vera ei oppfølging av framtidsseminaret i mai i år, sa Manger.

Det er mange som har teke kontakt med prosjektleiaren etter at han tok til i stillinga 1. september. Døme på dette er kommunar, lag og organisasjonar, eksterne aktørar, NAV og næringslivet. Han har allereie teke kontakt med andre kommunar som har same oppdrag.

- Vi kan læra og vi kan læra bort, sa Manger.

I samtalen etter innlegget kom det spørsmål knytt til vilkår for tilsette, eigarskap, barn og unge og innsparing/effektivisering ved samanslåing av kommunar.

Staten har løyvd 35,9 millionar kroner til kommunereformarbeidet i regionen. Etter at den nye kommunen er ein realitét, vert det gjeve ei reformstøtte på om lag 25 millionar kroner. Pr. dato er det 3,7 årsverk knytt til prosjektorganisasjonen.

Andre tema på seminaret på tysdag var «Sjef i eige liv», lokalmedisinsk senter og samhandling av tiltak for barn og unge.

Tekst og foto: Vigleik Brekke

Her er fleire bilete frå seminaret (tysdag):

Skulesjef Wilhelm AnglevikHelsesjef Terje Handal og omsorgssjef Line Barmen.


Publisert: 17.10.2017 22:53
Sist endret: 17.10.2017 23:06