Facebook ikon Twitter logo Print side

Over 400 på Digg Læring-konferanse

Det var stuande fullt i gymnastikksalen på Knappskog skule i dag. Med 409 deltakarar på Digg Læring-konferansen er oppslutnaden dobla frå i fjor.


Frå konferansen i dag

Varaordførar Tom Georg Indrevik opna det heile og understreka at digitalisering berre er eit hjelpemiddel.

- I dette tilfellet kjem digitaliseringa nedanfrå og opp. Det er ikkje basert på vedtak, men de som lærarar skapar læringsrommet, sa varaordføraren då han helsa deltakarane velkomen til konferanse.

- Dette inspirerer

Ein av dei som hadde funne vegen til Knappskog skule i dag var Bente Kleppe Lervik. For henne var 1. februar ikkje berre ein dag ho var på konferanse, men det var den første dagen som konstituert rektor på Fjell ungdomsskule. Ho hadde fått med seg alle lærarane på Skålevik skule, der ho var rektor til og med i går.


Bente Kleppe Lervik

- Lærarane på Skålevik skule hadde lyst til dette, og alle er her. Vi er her for å verta inspirerte til å nytta digital undervisninga. Men det handlar ikkje berre om digitalisering, men pedagogikken og tanken bak. Dette er svært inspirerande, seier Kleppe Lervik.

Pedagogikken må i førarsetet

Primus motor for Digg Læring på Knappskog skule, Ingvild Vilkensen Skogestad, snakka om «Digg Læring med pedagogikken i førarsetet».

- Pedagogikken må i førarsetet. Målet er ikkje å verta lærebokfri, men fri frå læreboka, sa Vilkensen Skogestad.

Ho snakka om kognitiv kondis som handlar om å stå i eit problem til det er løyst.

- På denne måten får elevane eigarskap til eiga læring der dei søkjer, finn og vurderer informasjon. Informasjon skal gjerast om til kunnskap. Du må ha kunnskapen før du nyttar kreativiteten, sa ho.

Høgskulelektor Ellen Romstad hadde «STL+ i skrive/leseopplæringa» som tema. STL+ går ut på at barnet får lest opp bokstavlyden når dei nyttar tastaturet. Dei nordiske læreplanane går meir og meir i retning av produksjonen til eleven. Ifølgje Romstad er STL+ eit lite forskingsfelt som byggjer på lange tradisjonar (Write To Read) på 80-talet i USA.


Varaordførar Tom Georg Indrevik opna konferansen

Simen Spurkland på Vøyenenga skole i Bærum snakka om «Elevvennleg undervisning i teknologirike klasserom». I løpet av dagen var det tid til speedforedrag, parallelle foredrag og arbeidsverkstader.

Tekst og foto: Vigleik Brekke

Her er fleire bilete frå konferansen:

Foto: Monica Berntsen

 


Sist endret: 01.02.2019