Facebook ikon Twitter logo Print side

Overgangar handlar om kulturmøte

Fjell kommune vart Språkkommune i 2018. Overgang er eitt av tre satsingsområde for å nå det overordna målet.

Illustrasjonsfoto

På bloggen til Lesesenteret på Universitetet i Stavanger skriv PPT-rådgjevar i Fjell kommune, Ranveig Bungum, at Fjell kommune tilpassa overgangspakken i Språkløyper til overgangen mellom barneskule og ungdomsskule. Det ga gode kulturmøte, men óg viktig innsikt i kva dei må jobbe vidare med.

I 2018 gjennomførte barnehagelærarar, lærarar, styrarar og rektorarar i Fjell heile overgangspakken for barnehage og skule.
-I det arbeidet såg vi at slike kulturmøte var viktige, ja, kanskje avgjerande, for kvaliteten i det vi ville gjennomføra. Det er ikkje nok om vi berre har årshjul som viser kor tid informasjon skal overleverast og kva dag det er førskuledag. Å møtast rundt same bord i drøfting og refleksjon omkring pedagogikk og metodikk knytt til språkarbeidet, det dannar det viktige kulturmøtet, skriv Bungum.

Ranveig Bungum
Ranveig Bungum

Den første og kanskje mest tydelege overgangen er den frå barnehage til skule. Fjell kommune ville gjerne ta tak i eitt overgangsområde til og valde overgangen frå barneskule til ungdomsskule i tillegg til overgangen mellom barnehage og skule.
Det overordna målet for Språkkommunen Fjell er: Språkarbeid i barnehage og skule skal vera eit universelt tiltak for å gi alle barn god språkkompetanse for å sikra likeverd, redusera skilnader og auka livsmeistring. Vi vil at ungdommane i Fjell skal fullføra vidaregåande skule og bli gode bidragsytarar i samfunnet.

Her kan du lesa heile blogginnlegget.


Tekst og foto: Vigleik Brekke


Sist endret: 03.07.2019